Wenche Mühleisen har skrive ein knallgod analyse av resepsjonen av Rosa Prosa-prosjektet i dagens Aftenposten. Her får kommentatorane og meldarane Eikemo, Christensen, Bentzrud, Økland og Krøger kritikk for sine analysar av prosjektet. Mühleisen meiner deires haldningar er øydeleggjande for framstillinga av kvinneleg seksualitet, sitat:

Så lenge intellektuelle avviser denne typen tematisering av seksualitet som forfall i offentligheten, får vi den seksuelle offentlighet vi fortjener: Vulgarisert, kommersiell og avpolitisert.

MEN! OG! HO SKRIV, sitat:

Litterær kvalitet.
Som i de fleste antologier holder ikke alle tekstene samme litterære kvalitet. Noen bidrag er knallgode, slik som Ragnfrid Trohaugs tekst «Ordlaus og klar» om språkets og kulturens kategoriseringsterror. Teksten har en anarkistisk, humoristisk sprengkraft og feministisk selvbevissthet som får kritikerne til å fremstå som nokså visjonsløse.

DEN SATT TENKER EG, TROLLPENNER!

(red.anm. denne posten er meint som eit gledesutbrot over at teksten eg hadde skrive fekk god kritikk. Den var ikkje meint som eit debattinnlegg i ein større diskusjon om prosjektet. Teksten i boka Rosa Prosa er i seg sjølv eit debattinnlegg. Skulle eg skrive denne posten på nytt, ville eg berre ha laga ei lenke til artikkelen. For eg er ikkje hatsk).