Lik Olaug Nilssen er eg i flyttemodus, og ryddar loftsbod og kjellarhol. Det som slår meg er at eg har mange avisutklipp av ting som eg har meint har vore av interesse, og som openbert var det.

Eg fann: Frode Gryttens reportasje «Byens lys» frå 21. november 1997. Eg visste ikkje kven Grytten var, berre at eg var heilt forelska i denne poetiske artikkelen om Bergen nattestid, og eg tenkte at viss det var slikt ein fekk gjere som journalist ville eg gjerne bli ein.

Eg fann: Atle Kittangs kommentar «Når sammenhengene blir borte» som stod i Aftenposten fredag 2. januar 1998. I faktaboksen står det: KULTURDEBATT. Kulturelt endrer vi oss raskere i amerikansk retning enn vi har forstått, skriver professor Atle Kittang i denne artikkelen.

Eg fann: Jan Zahls kronikk om nittitalshumoren.

Eg blir glad over å sjå at eg var INTERESSERT.

Og HØGAST lo eg då eg fann eit lesarbrev i Nordlands Framtid eller Nordlandsposten, det stod ikkje på utklippet. Her kjem det:

«VESTAVIND» nok en gang

Jeg er så enig med «sint mor fra Tysfjord» som sa sin mening om programmet «Vestavind». Personlig har jeg sett kun to av disse programmene, de var spekket med sex og bannskap som ga meg en uhyggelig følelse, som om den onde selv var tilstede, og det er han vel i slike programmer. Unge skuespillere som er med på et slikt liv må da bli ødelagt. Nei, det er ikke rart at verden er som den er.

Det interessante er at dette har sannsynlegvis blitt klipt ut og sendt til meg, altså har det vort ein debatt om Vestavind i Nordnorske avisar som mor mi og eg har snakka og diskutert. Men eg kan ikkje for mitt bare liv huske at det var så mykje faenskap i «Vestavind», men det heng vel kanskje saman med at eg ikkje såg så mange episodar, og kvifor var eg då så opptatt av debatten?
Her er det hol i minnet!