Spenningsromanen Det kvite pulveret er ei bok om sommar, sol og narkotikasmuglarar. Boka opnar med at Anders, som bur på ei lita øy ute i havgapet, finn ein svart pakke nede i fjæra.

Han veit om ein hemmeleg gøymestad, der han bestemmer seg for å undersøke innhaldet i pakken. Men han er ikkje åleine i fjæra: Ein mørkkledd mann ser alt som skjer, og begynner å følgje etter guten. Det som for Anders såg ut til å bli ein roleg og kjedeleg sommarferie saman med dei tre vennenne, utviklar seg til å bli eit dramatisk møte med ein livsfarleg smuglarliga. Atle Hansen har skrive bøker for både barn og vaksne.