– Eg synest det er ærefullt å bli spurt og inspirerande å få oppdraget som festspeldiktar, seier Erna Osland. – Det er viktig og rett av festspelarrangørane å fokusere på barnelitteratur. For at bruken av nynorsk skal bli styrkt, er eg er overbevist om at barna må lese det, like det og få eit naturleg og godt forhold til det tidleg, seier ein engasjert festspeldiktar. – Å skrive verkar positivt inn på sjølvbiletet for barna.

Desse festspela har vore arrangerte kvart år sidan 1992, og Osland er den fjortande forfattaren som får oppdraget som festspeldiktar. Dei Nynorske Festspela blir opna i Ivar Aasen-tunet onsdag 27. juni og sluttar søndag 1. juli og blir arrangerte av Nynorsk kultursentrum.

I 2007 tek eit femårig markeringsarbeid for forfattaren Rasmus Løland frå Suldal til. Løland var den som for alvor rydda vegen for god norsk barnelitteratur, og markeringa frå 2007 til 2011 skal ikkje minst få fram nye nynorske barne- og ungdomsbokforfattarar. Dette er ein viktig grunn til at det er nettopp i 2007 Nynorsk kultursentrum har valt ein av dei fremste norske barne- og ungdomsbokforfattarane til festspeldiktar.

 Førebels er festspeldiktaren og arrangøren på idéstadiet om kva Erna Osland skal gjere under Festspela, men begge er innstilte på å gi publikum både det dei ventar og noko som overraskar.

 Erna Osland er fødd i Høyanger i 1951. Ho debuterte i 1987 med ungdomsromanen ”Natteramnen” og har etter det skrive meir enn 30 bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland har skrive noveller, romanar, skodespel, sakprosa og ein teikneserie om Ivar Aasen. Ho har fått mange prisar for bøkene sine, og i 1999 vann ho både Brageprisen og Kritikarprisen for barneboka ”Salamanderryttaren”. I november gir forlaget Mangchou ut ei ny barnebok av Erna Osland – ”Fint å ha far”.

 Det er aasentunet.no som skriver dette.