av Finn Øglænd

Barnelyrikken i Norge må reknast som ein sjanger i dvale. Etter 1950- og 1960-tallet, då forfattarar som Inger Hagerup, André Bjerke, Thorbjørn Egner og Alf Prøysen gav barnelyrikken eit kvalitetsløft, har denne sjangeren gradvis forsvunne frå den litterære scenen og er i dag ei sak for dei spesielt interesserte. Dei siste tiåra har det bare blitt gitt ut svært få nyskrivne diktsamlingar for barn pr. år, og bare ein brøkdel av desse igjen har nådd ut til eit større publikum. Kva er det viktigaste som skil klassikarane frå den jamne massen? Det kan vere det rett-fram og folkelege, men det kan også vere det absurde, leikande, burleske, fantasieggande.

Ein kan gjerne spørje: Er det å skrive lyrikk for barn i dag blitt noko gråmelert og annanrangs? Stiller dei få som skriv for barn like store krav til lyrikk for barn som til lyrikk for vaksne? Har forfattarane verkeleg den fascinasjonen for barnelivet og -sinnet som skal til for å treffe barn (og vaksne) heime? Og kva med forlaga – oppmuntrar dei forfattarane sine til å skrive i denne sjangeren? Eg har eit inntrykk av at dei etterspør bøker for små barn, men at det dei ønskjer seg ikkje er dikt, men små historier, forteljingar på prosa. Den generelle «prosaiseringa» av litteraturen har nok også råka barnelitteraturen.

At eg har triksa litt med vers for barn og unge oppfattar eg ikkje som noko å snakke om. Eg ser på det som eit eksperiment blant mange. Det var bare noko eg leika meg med. Det blei ein slags «frisone» frå den vaksne litteraturen/lyrikken der alt var så alvorleg og tungt. Å skrive for barn og unge blir noko lettare, ein får trykket av seg, treng ikkje å vere så viktig, det står ikkje 100 litterære betrevitarar og ser på, ein skal ikkje leve opp til noko. Ein kan rett og slett vere litt opplagt.

Eg har merkt at det eg likar av barnelyrikk ofte er det anarkistisk spinnville, medan eg rykker tilbake når det gjeld det tørt prosaiske. Eg likar også at det er ein skilnad på barne- og vaksenbøker, dvs. at det finst forfattarar som ikkje blandar korta, men har to ulike «stemmer». Heilt ulike
kan dei aldri bli – men eg likar at forfattarar kan tale med to tunger. 
Dermed blir dei også meir konsentrerte om kven dei snakkar til. Endå om det finst gode forfattarar som skriv omtrent likt anten dei skriv for barn, unge eller vaksne.

La meg ikkje spørje kvifor ein skal skrive dikt for barn. La meg ikkje spørje kvifor ein skal skrive i det heile. Det var berre noko eg byrja med, liksom eg byrja å lese. Ein dag berre byrja eg å skrive, og etter kvart blei det dikt. Eg skreiv prosa også, men merkte nok at eg hadde betre sjanse til
å lukkast med å skrive dikt. Og så ein dag berre byrja eg å skrive for barn.
Og så etter kvart merkte eg at også hadde betre sjanse til å lukkast med å skrive dikt for barn. Og då seier eg «lukkast» med svære gåseauge, for dikt, anten det er for vaksne eller barn, det er ikkje noko som tel, endåtil om forfattarar i festtaler gjerne seier at poesi, det er nå svære ting, det er
«den litterære basisvitskapen» eller noko slikt. Men dei veit godt at ingen bryr seg, alle vil ha romanar, eller helst dokumentar, og sjølv skriv festtalarane sjølvsagt romanar, eller aller helst dokumentar eller dokumentariske romanar.

Å skrive dikt gir ingen status. Å skrive for barn gir ingen status. Å skrive dikt for barn skulle då gi dobbelt 0-status. Til dette kan somme svare: Kva skal ein med status? Kan ein ikkje berre vere den ein er og skrive slik ein kan. Nokre forfattarar er nøgde med det. Eg merker at eg likar ein del slike forfattarar. Og at det er nokre av desse forfattarane som har lært med mest om å skrive, både for barn og vaksne. Nå er det nok også eit anna moment her: Eg trur det har vore viktig for meg å skrive «på tvers» av det vedtekne.  Så la meg då spørje: Er det nokon skilnad på å skrive for barn,
ungdom og vaksne? Er den litterære tilnærminga ulik? Med andre ord: Er det nokon skilnad på eit dikt for barn, eit dikt for ungdom, eit dikt for vaksne? Skriv ein frå eit ulikt utgangspunkt, frå ulike stader i seg sjølv?
Eg trur svaret for meg er «ja» på alle desse spørsmåla, men svaret er tvitydig, som eg skal komme tilbake til.

Ein kan spørje: Er det «enklare» å skrive for barn/unge enn for vaksne? Det finst jo dei som nærmast vil setje eit generelt «triviallitteratur»-stempel på denne litteraturen. Det er blitt sagt at slik litteratur i stor grad saknar dobbelt botn og tvitydigheit, at den ikkje har det mangfaldige
spekteret av verkemiddel. Andre igjen vil seie at det å skrive for barn betyr at ein må skrive forholdsvis enkelt om forholdsvis vanskelege ting, noko som gjerne kan vere vanskelegare enn å skrive for vaksne, fordi ein ikkje kan gøyme seg bakom moterette litterære grep.

Svara mine på dette vil også måtte vere tvitydige. Dei barnediktbøkene eg likar best er ofte skrivne av poetar som skriv mest likedan om dei skriv for barn, ungdom eller vaksne. La meg nå nemne dei to som har influert meg mest:
Ragnar Hovland og Arnt Birkedal, og ein tredje som eg likar like godt men som har så spesiell stemme at det er umuleg å stele noko frå han: Arild Nyquist. Sjølvsagt har eg også lese andre, men det ville vere synd å seie at dei har påverka meg noko særleg, gitt meg den stemma av noko inderleg til stades som er det eg set mest pris på både ved dikt for barn og vaksne. Det måtte då vere Einar Økland, men mitt lynne ligg nok nærare Hovland og Birkedal. Dei to er rock n´roll, medan Økland er (bebop) jazz, og dermed litt tørrare, skarpare og kjølegare. Meir «intellektuell», kanskje, og dermed ikkje like umiddelbart appellerande til barnlege sjeler. Dessutan likar eg godt Eva Jensens «Slik er det her». Dikta hennar synest eg blir desto meir poetiske fordi dei er så «prosaiske» som dei er.

For mindre barn er sjølvsagt også Inger Hagerup ein viktig påverknad. André Bjerkes morovers har nok også utvikla språkleiken hos mange, men då eg las han opp att blei eg skuffa, fordi eg ikkje fann så mykje av den sjela, det
nærværet, eg hadde ønska. Her var litt for mykje eleganteri og
flottenfeieri. Andre favorittar er svenske Lennart Hellsing, ein vill og rabiat poet som burde finnast i eit større norsk utval, danske Halvdan Rasmussen, som er vittig, men langt meir konvensjonell – men ikkje på noko dårleg vis – dette er poesi som både kan er hyper-elegant og har sjel. Og så Benny Andersen, som skriv nonsensvers på dansk, og lagar eigne versjonar av ramser, regler og godnatt-songar henta frå mange språk, ikkje minst engelske «Nursery rhymes». Same kjelda hadde Alf Prøysen og Inger Hagerup då dei laga samlingane med «Gåsemorvers». Dei bøkene eg sjølv har skrive i denne sjangeren har same inspirasjonskjelde.

La meg komme tilbake til dei ulike «stemmene» ein snakkar med for barn, ungdom og vaksne. Er dei så ulike? Nå har eg nett sagt at diktarar som Hovland, Birkedal og Nyquist høyrest just likedan ut om dei skriv for barn, ungdom eller vaksne. Kanskje fordi dei er naivistar, og kanskje det er derfor eg likar dei. Sjølv skriv eg truleg nokså ulikt for dei ulike aldersgruppene, og eg oppfattar det mentalt som heilt ulike ting: Å skrive for vaksne, det blir ofte «deppe»-dikt, medan dikt for barn og unge – eller modusen når ein skriv – blir «lettare».

Om det er «enklare» å skrive dikt for barn enn for vaksne er vanskeleg å svare på. Det er svært sjeldan eg kjem i ein slik modus at eg kan skrive dikt for barn, og då er det ofte etter å ha lese forfattarar som Hovland og Birkedal – då befinn ein seg brått der ein skal – i ei litt naiv verd, i eit litt naivt hovud, som nok kan vere eit barn, men like gjerne ein vaksen, ein «naivist», eit «vaksent barn», ein «barnleg vaksen» – korleis skal ein seie det? Ein som har klart å stille seg inn på ein slik modus. Det er slikt som sjeldan skjer, og det kan skje i skarpe, korte og vakre glimt, som då eg skreiv det eg meiner er den beste barneboka mi, «Ei fjør i hatten»
(Samlaget, 1993).

Noko liknande skjedde med ungdomsdiktboka «Dei penaste jentene på TV» (Samlaget, 2000), den blei også skriven i ein heftig raptus. Dette er tvillaust dei to beste bøkene mine for barn og unge, og dei verkar meir heilskapelege, trur eg, nettopp fordi dei blei skrivne så raskt og bestemt som dei blei, ut frå ein «der og då»-inspirasjon – ein ønskte å uforske ei
form og eit tema, ein hadde klangen i seg og kunne berre gå i gang.

«Ei fjør i hatten» handlar om min eigen barndom, «Dei penaste jentene om min eigen ungdom», og mykje meir er det ikkje å seie. Dette er ein slag personlege vedkjenningar som liknar metoden eg nyttar når eg skriv dikt for vaksne – men sant nok, i vaksne dikt er det lettare å gøyme seg bak billige litterære triks. Eg hadde, trur eg, eit intuitivt ønske om ikkje å jukse då eg skreiv desse bøkene. Noko eg ofte syntest eg hadde gjort både i barne- ungdoms- og vaksenbøkene mine. Dei var ikkje ærlege nok, alltid – dei handla ikkje om the real thing, dei ekte kjenslene, dei sanne opplevingane, alltid. Men det gjer desse to bøkene så å seie heile tida.

Kor kjem då det pedagogiske inn her? Dette er jo dikt som blir brukt mykje i skulen, endå om eg ikkje hadde det i tankane då eg skreiv dei. Eg trur eg vil sitere Lennart Hellsing: «All pedagogisk litteratur er dårleg, men all god litteratur er pedagogisk.» Elles er eg skeptisk til å pushe bøker på
barn. Eg meiner vel helst at bøker bør vere ein frisone, noko som skjer utanfor (og gjerne i opposisjon til) skulen. Idag er eg redd for at det å lese bøker er blitt «det nyttige» som barn og ungdom då må rømme vekk frå for å finne si «frisone». Eg vil at bøker skal vere det unyttige og ulovlege. Barnebøker bør vere slike som smågutar gøymer under puta og tek fram for å vise ein kamerat som noko «rølpete». Eg blei glad då eg høyrde at mi eiga rølpe-barnediktbok «Ramle- og skramlevers» (Samlaget, 1995) hadde hatt ein slik funksjon.