av Per Olav Kaldestad

Ingvar Moe (1936-1993) var ein særmerkt og populær forfattar.  Han skreiv bøker i mange sjangrar både for born, ungdom og vaksne og markerte seg særleg gjennom dikt, noveller og radiokåseri.  Både i skrift og i tale stod han fram med ei pågåande stemme, ei opposisjonell stemme, ei stemme som gjorde sitt nærvær gjeldande med lidenskapleg engasjement.
Ingvar Moe debuterte i 1975 med diktboka løktastolpefrø.  Boka blei godt motteken både av lesarar og kritikarar, og forfattaren fekk Tarjei Vesaas' debutantpris av Den norske Forfatterforening.  I 1976 kom novellesamlinga Sommaren te Ingjeberr og i1977 diktboka Fløttjevels bok.  Med desse tre bøkene skapte Ingvar Moe seg ein tydeleg posisjon i norsk litteratur, og han blei ein av dei forfattarane mange lytta til.  Denne posisjonen hadde å gjera både med tematikken, det litterære uttrykket og den måten han framstilte seg på i det offentlege rommet. 
1970-åra var ei tid med veksande lokalsamfunnssjåvinisme i Norge, og ein opplevde ei oppvurdering av bygda i høve til byen.  I denne konteksten går Ingvar Moe inn og framkallar eit bygdesamfunn, nærare bestemt si eiga barndomsbygd Etne, i skarpe og levande bilde.  Dei to fyrste bøkene hans kan lesast som eit oppgjer med det han sjølv kallar "trygge og mørke bygder i oss" – det smålege og livsfiendslege som etablerer ein mellommenneskeleg terrorbalanse og hindrar den enkelte i å tru på krafta i seg sjølv og venda seg ope og ærleg til andre.  Men samtidig som bøkene er uttrykk for eit oppgjer, viser dei også klart forfattarens kjærleik til bygda og framhevar dei skapande kreftene, det ukuelege i viljen til vanlege folk.  Dette blir seinare utdjupa i diktboka Himabrent (1979) og i den sterke oppvekstromanen Rundt sjøen (1986).
Dei fyrste bøkene til Ingvar Moe er skrivne på dialekt, og dei seinare er ofte skrivne på eit normalmål som nippar i dialekten.  Dette forsterkar oppgjerstematikken og gjer at analysane hans av bygdementaliteten verkar meir autentiske – samtidig som tekstane demonstrerer den poetiske styrken i heimemålet når ein berre vågar å ta ordet og syngja ut. 
Det er særleg dikta hans som er nyskapande.  Dei minner om munnlege sjangrar som replikk, monolog, anekdote, skriftemål, tale, ordtak og song.  Vidare tar han i bruk både ironi, sarkasme, patos og andektig tale, ofte i ei blanding som utfordrar lesaren – som om han var deltakar i ein reell samtale.  Formelt har forfattaren som utgangspunkt at modernismen er etablert, liksom han har eit medvite forhold til eldre tradisjonar, men han er fri i høve til nyare retningar og litterære grupperingar.  Om Ingvar Moe sine dikt står nær noko, er det folkediktinga: Han hentar energi til tekstane sine i det daglege snakket blant vanlege folk – og kan i dette samanliknast med andre populære forfattarar som Jakob Sande og Alf Prøysen.
Ingvar Moe hadde eit stort behov for å nå fram til folk med diktinga si, og han hadde ei sjeldan evne til det.  Han arbeidde i mange sjangrar og vende seg til ulike målgrupper.  Såleis skreiv han i tillegg til dikt, noveller og romanar barne- og ungdomsbøker, lærebøker for grunnskulen, tekstar for revy og teater, kåseri og popsongar – og dei siste åra tok han i bruk lokalhistorisk stoff i eit forsøk på å laga populærlitteratur gjennom trilogien om Hordlandsfolket: Forbanninga (1988), Kvinner mellom mørke fjell (1990) og Ulveslåtten (1992).  Han var også mykje brukt som omsetjar, blant anna av popsongar og ei lang rekkje barne- og ungdomsbøker.  Han var ein stor opplesar og var ein av dei beste og mest folkekjære morgonkåsørane i radioen.
 Sjølv om Ingvar Moe gjorde mest innanfor skjønnlitteratur for vaksne, er barne- og ungdomsbøkene hans også særmerkte.  Den djerve og fine ungdomsboka Ingenting å vera redd for (1989) er knytt til den generelle bygde-tematikken hans, mens dei herlege barnebøkene Heia oldemor! : ei heilt vill forteljing (1984), Oldemor rock! : ei nokså vill forteljing (1985), Oldemor og skurken : ei endå villare forteljing (1989) og Oldemor gifter seg. Ei heilt vill bryllaupsbok (1993) er originale bidrag til den fabulerande og humoristiske forteljekunsten i norsk barnelitteratur.
Det hender rett som det er, når eg møter kollegaer i godt lag, her eller der i landet, at me løftar glaset og tar ei skål for Ingvar, for å minnast den han var og det han gjorde – og som ei påminning til oss sjølve om at me må gjera så godt me kan og ikkje slapna i engasjementet vårt.