Seks barne- og ungdomsforfattarar er klare for utdanning i dramatikk. Linde Hagerup, Alf Kjetil Walgermo, Synne Lea, Sissel Horndal, Helga Gunerius Eriksen og Ingelin Røssland er valt ut blant dei 18 forfattarane som søkte i år.

Det er tredje året Norske Barne-og Ungdomsbokforfattere (NBU) set i gang fordjupingsprosjekt i scenekunst. Første året deltok ti studentar, sist år var det ni, det tredje kullet har altså noko færre deltakarar. 

Kurset blir halde med støtte frå Norsk Kulturråd/Kunstløftet, og det er Norsk barnebokinstitutt og Dramatikkens hus som står for gjennomføringa.