Barnefestivalen Miniøya

Barnefestivalen Miniøya får krass kritikk for å sleppe til sponsorar på festivalen, skriv Dagsavisen. LNU kallar det skjult reklame. Dette aukar det kommersielle presset mot barn, meiner Framtiden i våre hender.

Kritikken gjeld mellom anna produktserien Dunderly med bøker, CD-ar, spel og leikar for barn, som har eit eige teiknetelt på området. Astrid Lindgrens Verden i Sverige har eiga scene med Pippi-show, og annonserer i festivalprogrammet med tilbod på inngang og overnatting. Dunderly er eit univers skapt av Endre Lund Eriksen og Endre Skandfer i samarbeid med GAN Aschehoug.

Omgår reklameforbodet

Generalsekretær Martin Vonstad Østerdal i landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) meiner dette er eit døme på at annonsørar blir stadig meir kreative i å omgå forbodet mot reklame. Gjennom sponsing av ein festival får ein annonsør presentert produkta sine for barn, seier han.

Sponsorverksemda gjer at Miniøya er med på å skape kommersielt press mot barn og unge, meiner leiar i Framtiden i Våre Hender, Arild Hermstad.

– Reklamen gjev meir kjøpepress, og meir press for barna til å hengje med i forbrukssamfunnet, seier han.

Barnefestivalen blir arrangert i Tøyenparken i Oslo 9.-10. juni. Den byr på musikk, teater, dans, kunst og kulturtilbod for barn frå fleire scener.

Les heile avisartikkelen her: