Blogger eller WordPress?

Og det er faktisk mitt viktigaste tips når det kjem til det å blogga eller å laga heimeside. Viss det ikkje er enkelt og greitt så mistar du fort gnisten. Dette skriv Ingelin Røssland i den andre artikkelen om heimesider.

Det fins veldig mange som tilbyr deg å laga enkle bloggar hos seg. Men det som er mest populært og brukarvennlig nett no er WordPress. Denne bloggen her er for eksempel laga på ei WordPress-platform. Brukar du WordPress kan du enten prøva deg fram sjølv, eller få tak i ein eller annan webdesigner, eller enno betre nokon nettnerdar i familien eller vennskapskretsen. Når du har fått sida sånn som du vil ha den, så kan du enkelt oppdatera den sjølv.

Her finn du WordPress:

http://wordpress.com/

Her er eit knippe bloggar som er laga med WordPress:

Endre Lund Eriksen

http://lunderiksen.wordpress.com/

Ingunn Aamodt

http://ingunnaamodt.wordpress.com/about/

Ingvild Tennfjord

http://tennfjord.wordpress.com/

Mammadamen

http://www.mammadamen.com/

WordPress er også gratis, og det er eit ord som kling fint for mange.

Sjølv brukar eg Squarespace og er ganske nøgd med det. Tor Arve Røssland er ein annan Squarespacebrukar som har ei veldig fin heimeside/blogg. Du må over ein viss terskel for å bli dus med squarespace, så dette er kanskje avskrekkande viss du hatar å sitja framfor pc-en eller mac-en og pilla. Eg trur kanskje at eg kjem til å hoppa over til WordPress på sikt.

Her finn du Squarespace:

http://www.squarespace.com/

Ikkje berre tekst, tekst, tekst…

Når ein er forfattar er det lett for at det blir teksttungt på bloggen. Eit tips er derfor å lasta opp litt bilete eller legga ut litt video. På Youtube finns det mykje fint å låna, og viss du lagar deg ein Youtube-konto så kan du spela inn ein video der du sit og pratar og redigera den etterpå, alt dette mens du er inne på Youtubekontoen din. Men dette krev at du har eit kamera på maskina di.

Her finn du ei enkel og norsk oppskrift på korleis du kjem i gong på Youtube.

http://www.youtube.com/t/about_youtube

Du kan for eksempel ta opp ein video av at du les eit utdrag frå boka di?

Her gjer Charlotte Glaser Munch nettopp dette:

http://www.youtube.com/watch?v=F4RvfwhCads

Så enkelt kan det gjerast, så lenge du er kort. Eg vil påstå at 2-3 minutt held.

Eg likar også å bruka video på bloggen min.

Nokon gonger finn eg klipp på Youtube som er med på illustrera eit tema eg skriv om eller at eg gjer små forfattarintervju.

Når alt kjem til alt er det innhaldet som er det viktigaste. Finn ut kva som er ditt prosjekt med bloggen. Jon Ewo (http://jonewo.net/jon-ewos-utopia/) har nylig begynt å blogga om noko som han interesserer seg for, nemlig fantasy og science-fiction. Det er superbra. Eg er stor fan av innhald.

Kor viktig er det med sosiale media?

Er det sånn at du berre kan pakka saman og slutta som forfattar berre fordi du ikkje orkar å vera aktiv på sosiale media?

Her er litt trøyst.

Tom Egeland, forfattaren med nesten 5000 facebookvenner,  12578 følgjarar på twitter og knakande fin heimeside og blogg, snakkar om kor viktig eller uviktig det er å vera synlig på nett: http://www.youtube.com/watch?v=wxny7l-PEvU&feature=plcp

Alt du treng ligg altså ute på internett. Det er berre å klikka rundt, utforska dei muligheitene Youtube, WordPress og Squarespace gir deg.

Ein blogg er også ein stad for dialog. Derfor har eg no ei oppfordring til deg og det er å koma med dine beste tips. Veit du om ein bra blogg, ein enkel måte å laga blogg på eller har du rett og slett berre eit spørsmål? Kommentarfeltet er ope.