–  Det finst for få gode sakprosabøker for ungdom. Derfor har vi lansert magasinet Faktafyk, som nyttar seg av fleire sjangrar. Vi vil vise ungdom at sakprosa er meir enn faktabøker. Det seier ansvarleg for magasinet, Kristine Isaksen i Foreningen !les.

Magasinet inneheld intervju, bokmeldingar, artiklar, det meste er nyskrive materiale. Men det er også utdrag frå sakprosabøker som har fått gode tilbakemeldingar frå ungdom.  Målet er at alle skal finne eit tema som interesserer.

– Tilbakemeldingane så langt er at ungdommane likar bladet, dei nemner at det har relevante tema og at det ser kult ut, fortel Isaksen. – Men det er naturlegvis avgrensa kor mange som har tatt bladet i bruk, det er kort tid sidan det var lansert. Vi skal evaluere det på nyåret.

Ungdommar som konsulentar

Første utgåva av Faktafyk har eit opplag på 135 000, det meste er sendt ut til skular som har tinga det. Bladet er gratis, det er lærarane som melder på klasser, så det ligg eit aktiv ja til å få det tilsendt.

Isaksen har nytta seg av eit ungdommeleg råd i arbeidet med Faktafyk. Dei har vurdert faktabøker, og meiner dei ofte er for kjedelege i form og tema.

– Tonen har vore ein annan når dei har fått bøker om aktuelle problemstillingar utforma med skjønnlitterære verkemiddel og gjerne med ein tydeleg eg-forteljar: sakprosa, fortel ho. – Sjølvsagt er ikkje alle bøker innanfor sakprosasjangeren gode, men det er påtakeleg at ungdommane vil lesa bøker om nett det same som dei vaksne: Korleis det er å ha ein bror som er narkoman, om kvardagen til norske spesialstyrkar, om Kjetil Rekdal og om 22.7. Her har forlaga ei oppgåve, meiner ho.

Eit redaksjonsråd med fire ungdomsskuleelevar har kome med innspel på tema, utforming og språk. Og dei skriv tekstar til magasinet sjølve.

Også skjønnlitteraturen er med

Erna Osland er av dei som har levert artikkel til det første nummeret. Ho har skrive om kva som skjer med kroppen når du blir forelska. Teksten startar med ei forteljing, deretter kjem fakta. Slik blir det ein kombinasjon. Artikkelen er illustrert av ein ung gut.

– Vi vil gjerne ha med forfattarar som skriv for ungdom, som brenn for aktuelle tema dei gjerne vil ta opp, seier Isaksen.

Sjå og les artikkelen til Erna Osland

Fleire unge debuterer i Faktafyk, som fotograf, illustratør eller skribent. Det er kjekt å bruke dei unge, seier ho.

Også ei ny og spesiallaga nettside følgjer med Faktafyk. Der finn ein ekstramateriale til artiklane, videoar, bilde og lenkar, slik som ikkje kan trykkast på papir. Her kan elevane trene seg på å bli gode i nettlesing også.

Nynorsk

Kristine Isaksen har eit hjartesukk også. Det gjeld nynorsken.

– Det finst lite sakprosa på nynorsk. I bladet vårt bør minst 25 % av tekstene vera på nynorsk. Det er ikkje lett å få til med så få gode fagbøker på målforma, seier ho. – Det blir gjeve ut så få sakprosabøker for ungdom at nynorsk er i ferd med å forsvinne frå heile sjangeren.

Artikkelen om Monsterøgler på Svalbard