– Eg har veldig fine erfaringar frå Skrivebua. Det har vore flott å ha folk som les det eg skriv og muntrar meg opp til å fortsetja. Det er mange prosjekt eg ville gitt opp viss ikkje det hadde vore folk som motiverte meg til å fortsetja med dei.
 
Det seier Daniel Bolstad Fløde, som har vore aktiv på nettsida sidan 2007. Han har lagt ut tekster nesten kvar dag sidan han vart medlem, dikt, noveller og seriedelar. For han har Skrivebua betydd mykje.
 
– Skrivebua har vore ein raud tråd gjennom mykje av livet mitt, og gjennom den mest mørke perioda. Då eg ikkje hadde noko att av meg sjølv, hadde eg framleis det eg skreiv, og det eg skreiv, la eg ut sånn at folk såg det og på sett og vis bekrefta at eg eksisterte. For det var eg veldig i tvil om.
 
Skrivebua blir lagt nedskriveglede
 
www.skrivebua.no er ei nettside for unge mellom 10 og 20 (25) år der ein kan utvikle skrivinga si og få seg nye venner. Det er Nordland Fylkeskommune som har drive nettstaden. Men frå nyttår er det slutt.  Tekstene på sida vil liggje tilgjengelege, men ingen nye tekstar eller kommentarar vil bli publisert.
 
Bakgrunnen for nedlegginga er at det ikkje er nok pengar til å drive nettstaden vidare. Nordland fylkeskommune har løyvd midlar til drift av Skrivebua, men føresetnaden har vore at det også skulle løyvast nok pengar også frå andre aktørar.
 
Nettstaden vart  starta opp i 1997. Bakgrunnen for prosjektet var å gje  ungdom ein plass å uttrykkje seg skriftleg, ikkje berre skrive for  skrivebordskuffa. I tillegg byggje nettverk med andre skriveglade. Sidan 2004 har Skrivebua hatt ca 18 000 registrerte ungdommar. Dei har produsert over 14 000 tekstar og over 600 000 kommentarer. Det fortel redaktør Tonje Farset Eliassen.
 
– Vi har alltid hatt veldig nær kontakt med brukarane våre. Vi har ei eiga facebookgruppe der ca. 300 medlemmer er veldig aktive (gruppe heiter «skrivebua.no» på facebook). I 2012 har vi hatt ca. 800 unike brukarar på Skrivebua og ca. 500 av dei svært aktive. 
 
Elskar å skrive
Liv-Christine Hoem er ei anna av ungdommane som har vore aktiv på Skrivebua, med dikt, noveller, forteljingar og bokprosjekt. I alt 447 eigenskrivne tekstar har ho liggjande ute.- Eg begynte å bruke Skrivebua fordi eg elskar å skrive, og brenn for det, fortel Liv-Christine. I tillegg kan ein der både få og gje kommentarar. Det som er så unikt med Skrivebua, er at medlemmene er så flinke til å gje kvarandre gode tilbakemeldingar. Nettstaden skil seg frå andre på mange plan, fordi det er så lett å bli ein del av miljøet.liv-christine– Kvifor er Skrivebua så viktig?– Det handlar om at barn og unge har ein fristad, dei dei kjenner seg trygge, og det er ein nettstad der dei kan uttrykkje tankane og følelsane sine med tekst. For meg er skriving i mange tilfelle terapi. Skrivebua har definitivt vore viktig for meg, fordi eg har fått trua på skrivinga mi, og trua på at eg kan bli forfattar.

Fleire tidlegare medlemmer av Skrivebua har gjeve ut bok, fortel Hoem. Ho meiner dette viser at den er noko å satse på.

Daniel Bolstad Fløde trekkjer også fram at Skrivebua er viktig for å utvikle forfattartalent, og for å utvikle folk i norsk. Men han har lita tru på at dette er slikt som Staten synest er så viktig.

– Det eg ofte seier, er at når ein drar til andre land og ser korleis dei set pris på talent, korleis dei dyrkar fram unge talent, så vert ein flau over å bu i Noreg. Noreg er eit land som ser på kunst som noko uøkonomisk som stel ressursar frå viktige ting som olje, eksos og våpen.  

Skrivebuatreff

Medlemmene på Skrivebua blir også kjende med kvarandre utanfor nettstaden. Liv-Christine Hoem har dei to siste åra vore med på å arrangere Skrivebuatreff.

– Det vi gjer på desse treffa, er at medlemmer møtest, og vi har workshops, besøk av forlag/forfattar, i tillegg til at vi også skriv og har det gøy sosialt. Vi har også planlagt Skrivebuatreff i 2013, og ønskjer å halde på denne tradisjonen også i åra framover.

Viktig for ungdom i krise

Daniel Bolstad Fløde er også med på Skrivebuatreffa om sommaren.

– Der treffer eg på svært unge menneske som gjerne har det forferdeleg vanskeleg, og ser at det ikkje skal så mykje til for å vippe det i ei eller anna retning, fortel han.

– For sånne menneske, som eg sjølv var, er det avgjerande å bli sett på den måten. Når ein har ei sånn krise, og ikkje taklar det for seg sjølv, så er det fantastisk å dele tekstane sine. Eg trur ikkje dei som har vedteke å leggja ned nettstaden, skjønar korleis dei rotar med situasjonen til menneske som allereie har ein veldig rotete situasjon.

Også Hoem legg vekt på at Skrivebua har hjelpt barn og unge.

– Mange har sagt at det er ein stad der barn og unge som har vore skoleleie eller «hata» skolen, har vorte elevar med toppkarakterar. Mange mobbeoffer har fått gode venner dei kan stole på gjennom nettsida, barn som har det vanskeleg, har fått hjelp og støtte. Skrivebua er meir enn ei nettside, det er eit miljø, bygd rundt ein heilt fantastisk redaksjon, seier ho.

Og Bolstad Fløde er einig i at miljøet rundt Skrivebua er noko for seg sjølv.

– Redaksjonen er sjølve sjela i sida, dei har vore med på å dyrke fram eit godt miljø, seier han.  – Dårleg oppførsel blir slått ned på. Andre positive ting er premieringane som skjer kvar månad, og forfattarstafetten – der ein forfattar blir hyra inn til kommentere ti tekstar. Og å vita at det er ein redaksjon som bryr seg om skrivande ungdom – og ikkje om profitt – gjer nettstaden trygg og sikker på veldig mange måtar.

 skrivebua_logo_animtestHåper på vidare aktivitet

 Ein redningsaksjon med underskriftliste og demonstrasjon vart sett i gang på seinhausten i eit forsøk på å hindre nedlegging. Både Hoem og Bolstad Fløde håper å få nettstaden i gang att.

– Eg trur det skal lite til for å få nettsida opp att, seier Hoem. Eg trur det handlar om vilje meir enn om pengar. Vi må få politikarane til å få større fokus på utvikling av unge skrivetalent.

– Eg meiner at unge skribentar, på lik linje med unge musikarar eller unge kunstnarar skal ha eit tilbud. Skriving er ofte einsamt, derfor er nettstader som Skrivebua så viktige, fordi det blir ein møteplass der vi kan dele erfaringar og lære av kvarandre. Det må vi få politikarane til å forstå, seier Hoem.

Nordland fylkeskommune seier dei ikkje ser det som si oppgåve å drive ein nasjonal skriveverkstad for ungdom, seier redaktør Tonje Farset Eliassen. Fylkeskommunen har lagt  200 000 kroner i potten viss andre var villige til å finansiere resten. Det har altså vist seg vanskeleg å få til.

– Det er vanskeleg å seia kva fylkeskommunen vil gjera dersom det skulle koma ei statleg fullfinansiering, men i så fall kan det kanskje bli mogleg å vurdere ny aktivitet av Skrivebua. Det er heilt opp til politikarane å bestemme, seier ho.

Sjå og les på nettsida Skrivebua: