Nyheter

Debatt: Skal formidling koste?

Skal formidlarane betale den som har opphavsretten for bruk av stoff? Jepp! Det skriv forfattar Helga Gunerius Eriksen i eit debattinnlegg her. Innlegget er ein reaksjon på debatten som Petra J. Helgesen starta på Barnebokkritikk, og som handlar om å betale formidlingsavgift til opphavsmennene.

Skal formidlarane betale den som har opphavsretten for bruk av stoff? Jepp!
 
Vi snakkar ikkje om dei som formidlar gratis, som ein del av jobben, men dei som sjølve tener pengar på formidlinga. Når ein musikar betaler Tonoavgift for å bruke ein song, er ikkje det også formidling?
 
Kva skal vi med all denne formidlinga for oppdragsgivarar som ikkje har råd til/vil prioritere å betale det det kostar? Dei synest sikkert ikkje dei har råd til å kjøpe bøkene heller. Då får dei gå til biblioteket, få gratis formidling og gratis lån.
 
Korkje frilansformidlar Petra J. Helgesen, som har sett i gang ein diskusjon på Barnebokkritikk.no, eller vi forfattarar (som også er frilans) kan bruke liva våre på gratisarbeid. Då måtte vi ha annan jobb ved sida, og lite ville bli skrive eller formidla då. Både NBU og Forfattarsentrum svarer godt på problemstillinga hennar der, men eg har lyst til vere endå litt hardare mot argumenta hennar her.
 
Ein formidlar av barnelitteratur taper pengar på å formidle samtidslitteratur, skriv Helgesen. Ja, om ho betaler av eige honorar, gjer ho det, og om oppdragsgjevaren nektar å legge ut, taper ho eit oppdrag. Ja, kva så? seier eg. Vil ein ikkje betale for å få lese opp frå den nye litteraturen, får ein nøye seg med å lese opp frå den gamle som har falle i det fri (meir enn 70 år gammal). Gamle eventyr kan også skape leseglede. Når ho brukar det fine ordet leseglede, som alle formidlarar av barnelitteratur gjerne gjer, bør ho tenke på at forfattarar først og fremst kan skape leseglede gjennom å skrive gode bøker.
 
Helgesen klagar over dårlege kår for litteraturformidlarar, over manglande fagorganisasjon, over låge honorar. Er det rimeleg at opphavrettshavarane skal subsidiere for desse tilstandane? Ja, for slik kan ein også sjå på dette argumentet. Kven har dårlegast kår, råvareleverandørane eller vidareseljarane? Ho vil smitte barn og unge med si leseglede og entusiasme for samtidslitteraturen, skriv ho, men ho vil altså også tene pengar på det. Kvifor skal ho ikkje då dele pengane med dei som gir henne denne entusiasmen og desse inntektene? Nei, bokskaparane skal vere nøgde med ekstra lesarar og ekstra utlån – for ekstra sal vert det nok ikkje. Ein barnebokformidlar som brukar auka sal som argument, bør tenke over at ungar ikkje kjøper bøkene sjølve. Ho kan formidle bøkene til fleire tusen ungar utan at det vert meir sal av den grunn.
 
Dersom eg som forfattar hyra ein formidlar for å reise rundt og selje mine bøker, var det noko anna, då ville eg satse på at eg kanskje ville tene på det på ein annan måte. No gjeld det at både NBU og Forfattarsentrum gjer ein betre jobb med å gjere denne ordninga kjent – avgift til opphavsrettinnehavarane skal betalast med glede!
 
Kven kan leve av leseglede utan kjøpelyst? Ikkje forfattarar som prøver å leve av royalties, i alle fall.
 
Helga Gunerius Eriksen
forfattar
 

 

 

Her kan du lesa innlegget til Petra J Helgesen og alle kommentarane ho har fått:

 

 

 

2 Kommentarer

  1. Kloke ord, Helga!

    Når det er sagt, så strir det vel neppe mot opphavsretten om ein formidlar visar opp ei bok og snakkar om den, altså har gjort eit eige foredrag/verk inspirert av den gode samtidslitteraturen. Det er når formidlaren set i gong med å lesa frå verket at det blir problematisk.
    Eg vil dermed tru at formidlarar fritt kan snakka om nyare bøker og til og med lesa ei eller to setningar (dette har med sitatrett å gjera, og om sitatretten kan ein lesa om på f.eks Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Sitatrett) utan å betala opphavsrett.

    Med andre ord så vil ein dyktig og edruelig formidlar som visar god folkeskikk og har kjennskap til åndsverklova og sitatretten neppe koma i klemme.

  2. Petra J. Helgesen

    Takk for motinnlegg, Helga.

    Og det er helt riktig, Ingelin. Jeg kommer sjelden i klemma.

    Sjekk ut debatten her: http://www.barnebokkritikk.no/litteraturformidlingens-pris/#.URFrK-gls6U

    Jeg har aldri skrevet at barne- og ungdomsforfatterne skal fratas vederlag for bruk av deres åndsverk. Mitt poeng er at vederlaget kanskje må balanseres mot andre hensyn.

Kommentarfeltet er stengt

Ansvarlig redaktør: Alexander Løken
Redaktør: Elin Hansson

E-post: sekretariat@nbuforfattere.no

Telefon: (+47) 22 47 85 70

Postadresse: Postboks 1898 Vika, 0124 Oslo