I denne intervjuserien ser vi nærmere på selve skriveprosessen, håndverket, arbeidet. Vi spør drevne, dyktige forfattere hvordan de tenker omkring dette, og forsøker også å lirke ut av dem et skrivetips eller fem. Denne uka:Alf Kjetil Walgermo.

Av Elen Betanzo

9788202305895–  Hvordan ser en god arbeidsdag ut for deg?

– Den gode arbeidsdagen kjem i mange ulike variantar. Han kan byrje om morgonen, og vare fram til middag. Men han kan like gjerne ta til om ettermiddagen og vare til langt på natt. Arbeidsdagen er god dersom eg skriv noko eg er nøgd med. Det treng ikkje vere meir enn nokre få setningar.

– Har du noen faste arbeidsrutiner?

– Eg har ikkje så mange andre rutinar enn å setje meg ned i fred og ro, oftast på kontoret heime i Oslo. Dersom eg er nøydd til å isolere meg i endå større grad, dreg eg til Sunnmøre og set meg på naustloftet.

– Hvordan ser det ut på arbeidsplassen din?

– Eg prøver stadig å rydde skrivebordet. Det lukkast dessverre ikkje så ofte. Eg må heldigvis ikkje ha det ryddig rundt meg for å skrive. Men det er kanskje likevel ein av fordelane med å sitte på naustet: Bordet er heilt tomt før eg set laptop-en min der.

 – Hva er du helt nødt til å ha rundt deg når du skriver, og hva kan du ikke ha rundt deg?

– Eg skulle gjerne sagt at eg er nøydd til å Pessoa-skjerf rundt halsen og ein lykkeskilling i lomma, men i realiteten er eg ein nøktern sunnmøring som klarer seg med ei flaske meir eller mindre kaldt vatn i nærleiken. Men flaska kan ikkje så nær laptop-en at eg risikerer å søle vatn på maskina. Det er ei av desse vanlege fryktene – at maskina skal kortslutte før eg har fått lagra ein ekstern kopi.

– Hva gjør du når du står fast?

– Omtrent som når eg køyrer meg fast med bilen: Eg prøvar å rugge meg sjølv ut av uføret.

 – Har måten du jobber på endret seg underveis i forfatterskapet ditt?9788202333782

– Eg sat kanskje endå lengre oppe om nettene før. Det er tilfredsstillande å skrive når du veit at nesten ingen andre skriv. Iallfall ingen andre i same land som deg. Men eg byrjar vel å bli gammal, eg må helst vere i seng før klokka to.

– Hva er ditt aller beste skrivetips?

– Å skrive med Sibelius på øyret.

TIDLEGARE INTERVJU:

Jobbintervju Mari Moen Holsve

Jobbintervju Pål Gerhard Olsen

Jobbintervju Mari Kjetun

Jobbintervju Atle Hansen

Jobbintervju Kari Bøge

Jobbintervju Lars Mæhle