– Det var omtrent like mange debutantar av barne- og ungdomsbøker i 2013 som året før, men nivået på bøkene var høgare. Det er jo gledelig. Det seier Ingelin Røssland, leiar i NBUs litterære råd.

Ole Robert Sunde er ein dei som kom med barnebok i 2013

Ole Robert Sunde er ein dei som kom med barnebok i 2013

– Elles er det kanskje ein tendens både i 2012 og 2013 at ein del mannlige vaksenbokforfattarar debuterer for barn og ungdom. I 2013 hadde vi mellom andre Ole Robert Sunde med ”Hvorfor er vannet vått”, Håkon Øverås med ”Brune”, Johan B Mjønes med ”Død manns kiste”, Thomas Enger med ”Den onde arven” og Tom Egeland med ”Katakombens hemmelighet”. Dette er ein trend me kan lika.

–  Er det nokon merkbar tendens i sjangrar og tema?

– Norske barne- og ungdomsbokforfattarar skriv om det aller meste. Det mest populære er fantasy/sci-fi/dystopiar/grøss, krim, hest, fotball, humor, kjærleik, relasjonsdrama, døden, oppsummerer Ingelin.

– Den mest merkbare tendensen er faktisk alle seriane innan alle sjangrar og for alle aldrar. Dei fleste bøkene er del av seriar. To av dei kanskje mest vellukka seriane som blir skrivne akkurat no, er Heidi Linde som skriv om Pym Petterson, og Ingeborg Arvola som tilfører hesteboksjangeren både humor, alvor og litterær kvalitet med bøkene om den hestegale Inghill. Sjølv om seriane er ulike i tema og sjanger så har dei ein ting felles, og det er at dei begge har antiheltinner som hovudpersonar. Guteantihelten har jo lenge vore ein kjent skikkelse i barne- og ungdomsbøker, mens jenteantihelten har vore litt meir i bakgrunnen. 2013 har også vore året for gutebøker med guteheltar. Det er faktisk litt befriande at gutar får vera heltar som er ute på eventyr, løyser gåter og er (meir eller mindre) handlekraftige. Både Tom Egeland, debutanten Aslak Dørum, Johan B Mjønes, Pål Gerhard Olsen og Per Knutsen baud på skikkelige gutebøker i året som gjekk.mjønesbok

– Fantasysjangeren –  er den stadig i vekst?

Det er ein sjanger som nok kjem til å prega barne- og ungdomslitteraturen framover også, sidan dette er ein populær sjanger. Også i2013 har det kome til nye seriar. Dei to mest spanande er «Odinsbarn» av Siri Pettersen som er første bok i ein serie på tre og «Hulder» av Tonje Tornes, også dette første bok i ein planlagt serie. Begge forfattarane er debutantar og har levert solide bøker, så det skal bli spanande å følgja seriane vidare. Ein tredje debutant innan fantasysjangeren er Torbjørn Øverland Amundsen, hans roman heiter «Bian Shen».hulder

– Kvar står den realistiske kvardagsskildringa i 2013 (jf 2012)?

– Den realistiske kvardagsskildringa var ikkje særlig hipp i 2013 heller. Men det finns heldigvis unntak frå regelen. Hans Petter Laberg  har levert varene i ”Øynene på veien, hendene på rattet”, det samme har debutanten Heidi Sævareid med ”Spranget” og Liv Eirill Evensen med ”Playback” som er ei bok med seks lengre noveller, Magnhild Bruheim si bok ”Det som er sant”, er også ei veldig bra og solid ungdomsbok, det same er Arne Svingens ”Fluesommer».

– Finst det noko nytt i fjorårets bøker?

– Eigentlig ikkje, barne og ungdomslitteraturen er merkelig nok ikkje ein særskild nyskapande eller original arena. Derfor er det alltid litt artig å sjå at bøker for barn og ungdom blir marknadsført med at dei er nyskapande, det er jo særlig innan fantasy. Det kan jo verka som om alle fantasyseriar er nyskapande eller originale, noko me enno har til gode å få lesa.

–  Er det noko det litterære rådet saknar?

– Ja, det ville vore kjekt med fleire klassiske romanar for barn og ungdom som skildrar livet og utfordringar barn og unge møter innanfor realistiske rammer. Den gode barneromanen for lesesterke barn mellom 7 og 10 år er så og seia borte og oppslukt i alle mulige slags lettlestbøker. Det finns barn i denne aldersgruppa som kan lesa romanar, dette har me visst heilt gløymt. Elles er det lite historiske romanar. Stein Erik Lunde med «Elias og Emilie» var i fjor nesten åleine om å levera ein rein historisk roman, noko han gjer veldig bra. To andre forfattarar som også brukar historia i bøkene sine er Harald Rosenløw Eeg med ”Den hvite døden” og Jon Ewo med «1920», men desse to bøkene er meir fiktivhistoriske. I Rosenløw Eeg si bok er det vanskelig å seia noko om når handlinga foregår. Den er ute av tida, på ein merkelig men veldig velfungerande måte.

anna– Noko som er det rart at ikkje fleire bøker tar opp tema som miljøvern og måten me er i ferd med å bruka opp naturressursar på. Her er Jostein Gaarder med boka ”Anna – en fabel om klodens klima” åleine i år, som Simon Stranger med ”Verdensredderne” var det i fjor. Alvoret i verda er det få som gir seg i kast med.

– Dagbladet skreiv før jul at fjorårets nye bildebøker omtaler både skilsmisse, død, depresjon og tortur, at dei tar opp ubehagelege tema som bryt med forventningane mange har til at bildebøker som noko hyggeleg og trygt?

–  Vel, sjølv om dette ikkje er så sukkersøtt og hyggelig, så er det absolutt bøker ein har bruk for og som mange barn toler svært godt. Barn er ulike, og nokre barn likar bøker som har eit alvor i seg og veks av det, andre blir redde og skremte bort frå litteraturen. Ofte er det foreldre som blir mest redd for sånne tema, det gjer jo at ein (Gud forby) må snakka med barna om vanskelige ting. Bøker er farlige greier.ingelin

– Er det meir død, sjukdom og alvor enn tidlegare?

Død, sjukdom og alvor er ganske klassiske tema i ungdomslitteratur. Ein del ungdommar er jo ganske dramatiske og alvorlige av seg, så desse bøkene har absolutt eit publikum. Likevel så skal ein huska på at ofte er det sånn at viss ei bok som tar opp eit særskild tema får mykje omtale i media og vinn prisar, så blir den trekt fram som eit døme på ein tendens. I fjor skreiv jo Brynjulf Jung Tjønn godt og prisvinnande om død og sjukdom i boka ”Så vakker du er”, så då er det lett å trekka fram den boka som eit eksempel på ein trend. Poenget mitt er at ein kan finna tendensar til det meste om ein leitar i det mangfaldet som desse 300 nye bøkene for barn og ungdom representerer. Det kjem an på auga som ser, kva ein leitar etter og vektlegg.