– Kva med ein stor barnebokfestival som viser breidda av norske barne- og ungdomsbøker? Ideen vart lansert av forlagsdirektør Birgit Christensen frå Cappelen Damm under NBU-årsmøtet. Det skjedde under debatten om situasjonen for barne- og ungdomsbøker (BU-bøker) i bokhandlane. Kva kan gjerast for at bøkene skal bli meir synlege?

Av Aina Basso og Magnhild Bruheim

NBU-leiar Bjørn Ingvaldsen innleia debatten med å vise til at det er ein drastisk nedgang i talet på bokhandlar som har distriktsabonnement. Sentrale innkjøpsråd tek inn om lag 20 bøker for barn og unge i halvåret. Det inneber at nålauget for å koma med er svært trongt, for forfattarar blir det opplevd som om bøkene må bli antatt to gonger. Ingvaldsen spurde kva som kan gjerast for å få større breidde.

Birgit Christensen frå Cappelen Damm trekte fram at BU-bøker har små opplag og lite sal og er avhengig av støtteordningar. Det er dyrt å utvikle t.d. bildebøker.

– Barnebokforleggeriet er ganske tøft. Kostnadene aukar, men salet aukar ikkje, verken i bokhandel eller i massemarknaden. Det kjende og kjære sel, vi prøver med nye titlar og forfattarar, men det er vanskeleg, sa ho.

– Når kjedene strammar inn, går det kanskje mest utover barnebøkene, fordi det er dei bokhandlane tener minst på. Det er også vanskeleg å få presseomtale.

Maria Granli-Brekke, kategorisjef barn og ungdom stilte frå kjeden Norli-Libris. Ho la vekt på fordelen ved bestseljarbøker som inngang til leseglede hos barn, slik som «En pingles dagbok».  Norli-Libris har 35% marknadsandel og halvparten av alle abonnement i bransjen. Bøkene blir valde ut av eit bokråd som blir presentert for vår- og haustbøkene.

– Vi kan ikkje ta inn alle bøker, men tek dei vi synest er bra og trur kan selja. Men marknaden veks ikkje, sa ho. I fire år har kjeden hatt underskot på 25 millionar.

Større breidde?

På spørsmåla om breidda er god nok i dag, og kva kjedene kan gjera for å få større breidde, svarte Granli-Brekke at breidda er der, men ikkje i mengder, ikkje i bunkar i butikk. Men ho var einig i at nålauget har vorte trongare.

– Ja, det er stadige krav frå eigarane om å gå i pluss. Vi har gjort kutt i talet på tilsette både på kontoret og i butikkane. Det blir vanskelegare.

Christensen meinte tankegangen til kjedene var prega av at dei rekrutterer leiarar frå Jysk og Skeidar, ikkje frå bokbransjen, og dei innkjøpsansvarlege får ikkje det gjennomslaget dei treng oppover.

– Forlaga opplever at få av kvar tittel blir selt, sa ho.

– Når vi presenterer bøker for bokhandlane, tenkjer vi ikkje på om det er norske eller omsette bøker. Det vanskelegaste er å få eksponert ungdomsbøkene, ungdommar går ikkje inn i ein bokhandel for å finne seg bøker.

Ingvaldsen ville vita om  kjeden let vera å ta inn gode bøker fordi dei har lågt salspotensiale.

– Sjangrar av bøker vi har prøvd å selja inn utan hell tidlegare, får færre sjansar seinare, t.d. bildebøker, svarte Granli-Brekke.

Konsekvensar

Cappelen Damm reduserer talet på BU-redaktørar med seks (av 14) i løpet av få månader. Dei opplever også at nålauget er trongare.

– Vi må ned i talet på titlar, særleg på omsette bøker, vi må vera strengare for å klare å møte denne marknaden. Nedskjeringane kjem fordi det ikkje løner seg, vi har for mange titlar. Og når vi går ned på titlar, treng vi færre tilsette, sa forlagsdirektøren.

NBU-leiaren la vekt på kor avhengige bøkene er av innkjøpsordninga. Gjennomsnittleg sal av BU-bøker er 300 eks., og da er det nokon som trekkjer opp. Det er vanskeleg å få selt boka, og i bokhandelen står den som oftast med ryggen ut, forfattaren får ikkje vist fram boka, og tilsette anar ikkje eingong at den finst. Han spurde kva som kan gjerast for at nye forfattarskap blir viste fram.

Granli-Brekke sa det var opp til den enkelte butikken kva dei vil vise fram, mange stiller ut lokal litteratur.

– Men ein del er sjølvsagt kjedestyrt, t.d. må alle bokhandlar ha våre 10 på topp.

Barnebokfestival

Christensen meinte forfattarar må bli betre til å marknadsføre eigne bøker på heimesider og sosiale medier. Vi må tenkje nytt, sa ho.

– Kva med ein stor barnebokfestival der dei store namna trekkjer med seg dei mindre kjente. Vi har fantastiske bøker i Norge. Kunne ikkje det vera noko å tenkje på! Ein festival med variert innhald. Er bokhandelkjeden med på det?

– Ja, viss eg får løyve internt, svarte Maria Granli-Brekke på vegner av Norli-Libris.

Ho meinte elles at kommunane har eit ansvar for å fremje barnelitteraturen. Det burde koma ei ordning for skulebiblioteka der ungane får tilbod om variasjon og nye bøker på biblioteket.

– Dette er også vår sak, sa Bjørn Ingvaldsen. – Det burde vera minst det doble antalet BU-bøker i innkjøpsordninga, i staden for at dei skal kutte.

Han meinte kjedene har for mykje makt over innkjøpa til bokhandlane.

– Vi opplever det slik. Vi får svar frå forlaget: Kjedene vil ikkje ta inn boka di. Eg oppmodar kjedene til å gjera døri høgare og porten vidare!

Salstal og biblioteksutlån

Det er ikkje samsvar mellom salstala og utlånstoppane på biblioteka, vart det sagt av fleire i debatten. Granli-Brekke svarte at biblioteklistene kjem lenge etter at kjedene har gjort sine utval.

Ho hadde elles stor tru på at bokhandlane vil overleva. – Vi opnar nye bokhandlar nå, og sel meir bøker i butikk enn på nett.

– Det blir nok færre fysiske bokhandlar, men eg ser ikkje nettbokhandlane som nokon trussel, sa Birgit Christensen. – Men ein barneboknetthandel hadde vore ein flott ide!

– Personleg vil eg helst kjøpe bøkene mine i ein fysisk bokhandel, sa Bjørn Ingvaldsen, som likte ideen om ein barnebokfestival.

– Vi gler oss til den, sa han. – Men de skal vita at vi følgjer med og ikkje gjev oss med dette.

Han avslutta med ei gladnyheit: NBU vedtok på årsmøtet å opprette ein årleg pris for beste barnebokhandel!

Les også om same tema: Kvalte av besteseljarar?

https://www.nbuforfattere.no/2014/03/03/12109/