engerÅrets Upris går til Thomas Enger for boka «Den onde arven».  Prisen vart delt ut under eit arrangement på Litteraturfestivalen på Lillehammer torsdag 22. mai.

Forfattaren seier at det å vinne prisen var overveldande og overraskande.

– Dette hadde eg ikkje rekna med. Det er sjølvsagt kjempegøy og ei stor ære, og ikkje minst er det ei godkjenning og klapp på skuldra for det eg held på med.

– Kva betyr det at det er ungdommen som bestemmer vinnaren?

– Det er ekstra stas at det er lesarane som kårar, det er jo lesarane som er dei viktigaste, det er dei vi skriv for, ikkje for kritikarar i avisene. Ungdommar er ærlege på ein annan måte, dei er meir direkte, dei vurderer meir ut frå hjartet, ut frå korleis dei har opplevd boka, dei er ikkje så mykje opptatt av det tekniske.

Enger har skrive fleire bøker for vaksne, «Den onde arven» er debuten som ungdomsbokforfattar. Men han begynte på denne historia allereie i 2003.

– Etter den tid har eg skrive manuset om att gong på gong, og har i mellomtida gjeve ut ein krimserie for vaksne. Den-onde-arven_productimage

– Kva var bakgrunnen for historia?

– Ein kveld familien sat og såg på Harry Potter-film, så handla det om ein trollmann som svingar staven. Og eg tenkte: Kva om det fanst ein magisk penn, slik at du kan skrive ned det du ønskjer skal skje, og så skjer det? Det var spira til det heile.

Boka handlar om ei 16 år gammal jente. Enger seier at det var ei kul utfordring å gå frå å skrive om ein godt vaksen mann (i krimbøkene) til å skrive om ei ung jente.

– Eg liker å prøve meg på ting eg ikkje er komfortabel med, seier han.

– Inspirerer prisen til nye ungdomsbøker?

– Ja, eg har lyst til å skrive meir for ungdom. Eg har ingen klar ide førebels, så vi får sjå. Først må eg gjera meg ferdig med fleire vaksenbøker.

Dei andre som var nominerte til Uprisen, var Hilde Hylleskaar for «Det er her jeg skal være», Tom Egeland for «Katakombens hemmelighet», Tor Arve Røssland for «Svarte-Mathilda III» og Marte Aune for «May Lenda».

Les meir om prisen på Foreningen !les:

Grunngjevinga frå juryen:

Les om «Den onde arven»: