Kva driv forfattarar med i ferien? Kan forfattarar ta heilt fri? I ein serie skal vi høyre kva forfattarar brukar sommaren til, fri eller skriving eller begge delar. I dag: Anna R. Folkestad.

– Kva er ferie for deg som forfattar?

– Tutle rundt i stranda med familien, leite etter krabbar og andre rare (og ikkje fullt så rare) dyr som bur i der.
Putte dei oppi ei bøtte, kikke litt på dei, finne fleire dyr.
Passe på at alle har smurd seg med solkrem. Finne litt tang. Finne fleire dyr.
– Neida. Den er ikkje farleg.
– Du kan berre halda den.
Jada. Me slepp dei uti att når me går heim.
Sjølvsagt. Me må jo ha noko å fange neste gong me kjem.

– Kor mykje tar du deg fri frå skrivinga i sommar?

– I sommar har eg litt skisser eg har sett meg som mål å verte ferdig med. Når det er gjort, har eg tenkt å prøva å ikkje ha nokon planar.

– Er sommaren ei god skrivetid for deg?

– For meg er sommaren ei god teikne og skisse tid.
Ei tid det dukkar opp nye karakterar og eigenskapar dei har.

– Klarer du uansett å ta deg heilt fri frå skrivinga? Eller har du karakterar eller hendingar som følgjer med deg?

– Det vert jo aldri heilt fri. Aldri. Tankane flyg og arbeider på eiga hand.
Og det må dei få lov til, og eg får lov å seie. (Når det er ferie) Nei. Ellers takk du.
Kom attende om eit par veker.
Om du er god nok, hugsar du det sikkert sjølv.
Eller, om den ER (eller eg trur den ER) skikklege god.
Må den jo prøvast ut.

– Arbeider du med bok for tida, vil du ev seia litt av kva det er?

– For tida jobbar eg med ei lettlest bok. Den er meint til dei heilt ferske lesarane.

– Har du ferdig bok som kjem til hausten, ev kva da?

– Nei. Det har eg ikkje.

– Er det ei bok du gler deg til å lesa i sommar?

– I sommar skal eg lese Gruppa av Anna Fiske og Kjære Rikard av Lene Ask.

– Har du eit godt ferieleseminne du kan dele?

– Eg har ikkje noko knakane god historie som sprett umidelbart opp.
Men med dei fine bøkene som eg skal lese i sommar, så kan det hende eg får eit god minne i år. Det trur eg.

– Kva er ein god sommardag/sommarkveld for deg?

– Ein strålande sommarkveld for meg er å sitje ute å ete sjømat.
Renske og knekke på krabbeklør, pille reker og blåsjell.
– Sjekk denne krabbekloa!
Etterpå.
Når alle er mette. Og endå mettare enn det.
Då er det tid for å hive hestesko.
Eg er ikkje noko god i hestesko.
Eg er ekstremt dårleg.
Ikkje vert eg noko betre heller.
Nokon vil ha det til at eg ikkje legg sjela i.
At det er derfor.
Kanskje.
Men det er fint.
Det er slik ein sommardag skal vere.
Det passar saman.
Familie, Kabber og Hesteskokasting.

Men det er først ei veke til.
Ei veke til eg har ferie.
Eller, trur eg skal ha ferie.