Bibliotekutlånet av bøker til barn har auka med 1,3 prosent. Det viser Folkebibliotekstatistikken for 2013. Statistikken viser elles at utlånet av bøker er ganske stabilt. Det totale bokutlånet viser ein liten nedgang på 0,4 prosent, mens utlånet av bøker til barn altså har ein auke, skriv Bok og Samfunn. I 2013 vart det i snitt lånt ut 9 bøker for barn til og med 14 år og 2 bøker for vaksne. Gjennomsnittborgaren lånte dessutan 0,37 lydbøker, noko som er ein bitteliten nedgang frå 0,39 i 2012. Utlånet av e-bøker er ikkje med i denne statistikken, det kjem ikkje i gang før i 2014.

Norske bibliotek hadde i fjor 10 prosent fleire arrangement enn året før. I 2013 vart det halde nærmare 15.000 arrangement ved biblioteka, noko som er ein auke på om lag 10 prosent frå året før. Norske bibliotek har stabile besøkstal, i gjennomsnitt besøkte kvar innbyggjar i fjor folkebiblioteket i overkant av fire gonger i løpet av året.

Les artikkelen i Bok og samfunn:

Den fullstendige Folkebibliotekstatistikken for 2013 er lagt ut på Nasjonalbiblioteket sine heimesider.