CoverStumtjenerGulWebBarnebokinstituttet set nå søkelyset på  ein litteratur som ikkje er særleg synleg i litteraturkritikken, men som tar stadig større plass på litteraturfeltet, nemleg den grafiske romanen. 17. september arrangerer NBI eit  kritikarseminar om sjangeren. Seminaret rettar seg mot det breie kritikarfeltet; frå dei som skriv kritikk av barne- og ungdomslitteratur til kritikarar av vaksenlitteratur.

Kva er eigentleg forskjellen på ein grafisk roman og ein teikneserie? Det er eitt av fleire spørsmål som vil bli diskutert på seminaret. Hovudmålet med seminaret er å gjere deltakarane meir medvitne og kompetente til å vurdere tekst og bilde som ein heilskap, og slik gi dei både meir kunnskap om og lyst til å gå kritisk laus på den grafiske romanen, eller teikneseriar.

Sjå invitasjon og program på heimesida til NBI: