Foto: Tove Breistein

Foto: Tove Breistein

Korleis stiller forfattarar seg til kritikk? Påverkar kritikken humøret og skrivelysta? Eller ventar ein fånyttes på at boka skal bli meldt?

Med hausten følgjer mange boklanseringar, og i kjølvatnet av det bokmeldingar av ymse slag. Vi har spurt fleire NBU-forfattarar korleis dei opplever bokkritikken. I dag: Lars Mæhle.

 –   Les du grundig alle kritikkar av bøkene dine?

–  Ja og nei. Eg les dei positive spesielt grundig. (Ha-ha.) Dei negative prøver eg som oftast å legge bak meg så raskt som råd. Dei kan øydelegge tilvera mi i vekevis. Evnt. gjer dei meg ekstra sur og fandenivoldsk oppsett på å halde fram med å skrive.

–  Ventar du spent på bokmeldingane etter ei utgjeving?

–  Svaret er vel rett og slett ja.

–  Kor mykje bryr du deg?

–  Mykje. Noko anna svar ville ha vore løgn.

–  Synest du at du har noko å lære av kritikkar?

–  Somme gongar har ein heilt sikkert det. Det kjem litt an på korleis det er skrive og meint, og kven som melder. Eg sa det til ein meldar ein gong, at eg synest han er flink og alltid har hatt stor respekt for han, sjølv når han skreiv negativt om bøkene mine (noko han har gjort). Grunnen er at denne meldaren alltid skriv konstruktivt, skarpt og med gode argument, og opplagt ikkje er ute etter å «ta» forfattaren. I slike tilfelle sug eg til meg all muleg lærdom eg kan få.mæhle-bok2

–  Påverkar kritikken (positiv eller negativ) humøret og skrivelysta?

–  Heilt klart.

–  I valet mellom ingen kritikk eller negativ kritikk – kva vel du?

–  Pest eller kolera, altså. Eg trur eg går for pest (ingen kritikk).

–  Kor viktig er kritikken for det vidare livet til boka? Sal, etterspørsel, oppdrag?

–  Ofte svært viktig. Kanskje særleg for oss som skriv for barn og ungdom. Bøkene våre blir så sjeldan meldt i det heile, at ei knallmelding i ei sentral avis aleine kan løfte oss opp frå skuggedalane.

–  Har forholdet ditt til bokmeldingar forandra seg med talet på utgjevingar?

–  Nei. Det trur eg ikkje. Det er like vanskeleg å ikkje ta det personleg da som no.

–   Ungdomsbøker får kritikk av ungdommar på nettsida Ubokprisen, er du ofte der og sjekkar kva dei skriv?

–  Ja! Dette er veldig nyttig. Det burde vore obligatorisk for ungdomsbokforfattarar (OG kritikarar) og gå inn her og lese av og til. Desse meldingane seier oss svært mykje om kva for kvalitetar ungdom ser etter, kva dei er opptatte av osv. Og det er gjerne heilt andre ting enn dei kvalitetane vaksne set i høgsetet. Det ligg ei hinne av dannelse mellom oss (forfattarar og kritikarar) og ungdom, og ikkje alle er like flinke til å prøve å strekke seg tilbake over denne hinna — for å nå barn og ungdom på deira premiss, rett og slett i å halde seg oppdaterte i korleis ungdom tenker og ser på ting — i dag. For forfattaren handlar det om formidling, det å legge lista rett i tema, tone, språk og innhald. For kritikaren gjeld det å setje seg inn i ungdommens lesesituasjon, det at han eller ho ikkje har lese ein drøss med bøker på universitetet td.

–  Er omtalen frå ungdommar like viktig som den frå meir etablerte kritikarar?

–  Det er kanskje ein klisje å seie det, men ja. Fordi eg skriv ungdomsbøker for ungdom, ikkje for vaksne. Det finst dessverre òg ein del gode ungdomsbøker (kun) for vaksne der ute. Dei aller beste bøkene, er nok likevel dei som er gode både for barn/ungdom og vaksne.

mæhle-bok–  Kan du anslå kor mange meldingar den siste boka di fekk i media?

–  Ja, her har eg eit ganske nøyaktig tal å vise til. Den siste ungdomsboka mi, Landet under isen. Dødeboka, er blitt meldt i fire offisielle media (Dagbladet, Vårt Land, Barnebokkritikk, Magasinett).

Ein annan interessant og viktig ting i dette biletet, er at stadig fleire bloggarar melder bøker, også for barn og ungdom. Eit godord frå ein bloggar kan òg redde bokhausten for ein genial og misforstått barne- og ungdomsbokforfattar.

Les også:

Om bokkritikk: Per Knutsen

Om bokkritikk: Kjersti Scheen