Medan forlaga er i ferd med å få grep på dei digitale barnebøkene, er kritikken av norske barnebokappar framleis nesten fråverande. Det skriv forfattar og journalist Atle Berge i eit innlegg på barnebokkritikk.no.

«Det aukande omfanget av norskproduserte bokappar for dei minste har derimot ikkje blitt møtt med eit påfallande stort engasjement frå litteraturkritikken. Eit søk i mediearkivet Atekst avslører at ei typisk melding sjeldan er meir enn ein kort presentasjon av funksjonaliteten til appen, samt eit terningkast. I VG 13. september 2011 vart til dømes Den lille lesehesten (Aschehoug) og Karsten og Petras verden (Cappelen Damm) vudert med fattige 106 og 89 ord. I begge omtalane får vi vite mest om kor brukarvennlege appane er. Det einaste som står om den litterære kvaliten til forteljingane, er at den er «høy». Kjekt å vite, sjølvsagt, men kva betyr det?» spør Berge i artikkelen.

atle bergeAtle Berge viser i artikkelen til ei av få som har analysert den digitale barnelitteraturen, barnelitteraturansvarleg i Dagbladet, Marie L. Kleve. Ho har «blant anna stilt spørsmål ved den litterære kvaliteten til norske barnebokappar, samt prøvd å seie noko om grensa mellom spel og bokapp. Kleve fortel at den største utfordringa med å melde barnebokappar er å finne den rette balansen mellom omtale av tekniske funksjonar og dei estetiske sidene ved historiene.

– Lesarane er jo naturlig nok svært opptatt av det første, utdjupar ho. – Medan det andre har ein meir naturleg plass i litteraturkritikken. I tillegg er mange appar veldig like, og det er ikkje alltid så mykje å seie om digitale utgåver av kjente papirbøker når appen skiller seg lite frå boka og papirboka er meldt tidlegare.»

Artikkelen drøftar vidare kvalitet på appar og overføringa frå bok til app.

Heile artikkelen til Atle Berge kan du lesa på barnebokkritikk.no

NB! Aftenposten melder fleire barnebok- og spel-appar 22. sept.: De beste appene for barna

NBU minner om at Digitale barnebøker er eit hovudtema på medlemsmøtet 24. oktober.