Dei nominerte til ALMA-prisen 2015 er offentleggjorde. Vi gratulerer Tor Åge Bringsværd, Gro Dahle, Harald Rosenløw Eeg, Marit Kaldhol, Gry Moursund, Svein Nyhus, Lisa Aisato N’jie Solberg og Øyvind Torseter med nominasjonane!

Meir om årets nominasjonar til ALMA-prisen på alma.se

Astrid Lindgrens Memorial Award er verdas største pris for barne- og ungdomslitteratur, og blir delt ut årleg til eit fortjent forfattarskap, ein fortjent illustratør eller til organisasjonar som arbeider for barnelitteratur. Vinnaren mottar eit prisbeløp på 5 millionar svenske kroner.

I 2014 gjekk prisen til Barbro Lindgren.