darlahJohan Harstads bok «Darlah — 172 timer på månen» er kåra til tidenes beste norske ungdomsroman.
Det er Dagbladet og nettstedet Ubok.no som i haust sette saman ein jury som skulle kåre den beste ungdomsroman gjennom tidene.

«Darlah», som kom ut i 2008, handlar om tre tenåringar som vinn ein konkurranse i regi av NASA og får bli med eit team med astronautar på ein ny ekspedisjon til månen. Men etter å ha kome dit, forstår dei at vi ikkje har fått vite heile sanninga om dei tidlegare måneferdene, og ekspedisjonen utviklar seg til eit  mareritt.

Les meir om kåringa og intervju med vinnaren på dagbladet.no

Sjå heile lista over bøkene som var med på kåringa her.