Ingunn-Røyset-portrett–  Eg kom litt tilfeldig borti journalistyrket for 15 år sidan. Men då fann eg ut at det var kjekt å skrive. Og at andre likte å lese det eg skreiv. Etter kvart kom lysta til å jobbe med eit prosjekt litt lengre enn det journalistjobben tillet og med noko som ikkje vert kasta i papirinnsamlinga etter ein dag eller to.

Det seier Ingunn Røyset (ny NBU-medlem hausten 2014) om kvifor ho ville bli forfattar. Ingunn debuterte med “Prins Storm” i 2012, ei biletbok med Annlaug Auestad som illustratør.

– Det er ei bok for barn i førskulealder om å leike og late som ein er nokon som er modigare enn ein sjølv. Om korleis det kjennest når heile verda er i mot ein. Og kor godt det er å få trøyst.

Boka som kom i 2014 heiter «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen”, ei tidsreisebok tilbake til andre verdskrigen for barn i alderen 8-12 år.

– Dagny vaknar opp ein morgon og er si eiga mormor. Det er ikkje så gøy som ho trudde å vere til i januar 1945. Når bombeflya susar over hovudet og tyske soldatar marsjerer langs vegen og den strikkatrusa du har på deg aldri sluttar å klø.

–  Kvifor valde du skrive for barn/ungdom?

–  Lysta til å skrive kom først. At det vart for barn er kanskje meir tilfeldig. Eller kanskje ikkje. Eg er veldig glad i barne- og ungdomslitteratur og har aldri heilt slutta å lese det. Dei siste 10 åra har eg sjølv hatt barn, så då har eg vore ekstra mykje inne i barnebokuniverset. Det er kjekt å dele gleda over ei god historie med andre. Spesielt med barn.røyset

 –  Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

–  Det er vel nokre ting eg brenn litt ekstra for, men eg ønskjer ikkje å proklamere nokon kampsaker. Eg håper det eg er opptatt av speglar seg av i det eg skriv. For meg er det først og fremst viktig å skrive ei historie som gir ei god leseoppleving, på ein måte som ikkje er alt for oppbrukt. Og så veit eg, slik som alle andre, litt om det å vere menneske. Og om nokon kan kjenne seg igjen i det, eller tenke litt over korleis andre har det, så har eg oppnådd det eg ønskjer.

–  Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

–  Springe. Eller løpe, som det heiter på ei anna dialekt. Eg held krampaktig på mi barnslege glede over å springe. Får eg gjort det, er alt anna kjekt også.

–  Kva forventningar har du til NBU?

–  Ikkje så mange enno. Hittil har eg berre gleda meg over å vere med i gjengen.