Paal-Helge Haugen fyller 70 år, og Norsk Forfattersentrum Sørlandet inviterer til festkveld 28. april.
Forfattaren og NBU-medlemmen Paal-Helge Haugen, er busett i Songdalen og er ein av landsdelens store diktarar. På festkvelden blir han heidra med eit innhaldsrikt program, der mellom anna fire forfattarar les tekstar skrivne til han.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Kilden Teater og Konserthus er staden, og festen startar kl. 19.00 28. april.
Valle Sparebank, Fritt Ord, Kristiansand kommune og Vest-Agder Fylkeskommune støttar arrangementet.
Paal-Helge Haugen er ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon. Han er allsidig og har ein stor produksjon også som dramatikar, prosaforfattar, librettoskrivar og gjendiktar.
Paal-Helge Haugen er fødd 25. april 1945 i Valle i Setesdal og er busett på Nodeland i Songdalen kommune. Han debuterte i 1965 med gjendiktinga Blad frå ein austleg hage, og den første samlinga med eigne dikt kom i 1967, På botnen av ein mørk sommar.
Mest kjent er han kanskje for romanen Anne (1968), der lesaren følgjer hovudpersonen Anne i overgangen frå barn til vaksen, samtidig som ho stadig blir sjukare av tuberkulose.
Paal-Helge Haugen har fått ei rekkje prisar. I 1968 fekk han Norsk kulturråds litteraturpris. Seinare har han fått Nynorsk litteraturpris (1985) for diktsamlinga Det overvintra lyset, den amerikanske Richard Wilbur Prize (1986) og Dobloug-prisen (1986). I 1990 fekk han Kritikarprisen og Cappelenprisen, og han blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. 1 1992 fekk han Brageprisen for diktsamlinga Sone O og Songdalen kommunes kulturpris, TONOs Edvard-pris 2001, Aschehougprisen 2008, Gyldendalprisen 2008 og Aust-Agder fylkes kulturpris i 2009.
I 2009 blei Haugen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk litteratur og kulturliv.
27.mai -2. juni Lillehammer Litteraturfestival. 3.-5. juni NBUs skrivesamling i Bø for medlemmer. 18.-22. september Kapittel i Stavanger. 21.-26. september Appelsinia i Skien. 19. oktober Medlemsmøte NBU 16.-20. oktober Bokmessen i Frankfurt.
Lederbrev
Årsmøte og bokmesse 10. april 2024
Takk for vel gjennomført årsmøte 16. mars! Det var fint å samle såpass mange av dere, idet vinteren gjorde sine siste krampetrekninger utenfor vinduet på Leangkollen hotell. Høydepunktet for de fleste var nok å møte gode kollegaer og venner, men vi fikk også satt viktige saker på agendaen, og staket ut kursen for det kommende året.
Nye inntakskriterier
I år hadde styret kun satt én vedtakssak på agendaen, men det var også en viktig en: Å senke medlemskriteriene.
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) er en selvstendig forening grunnlagt i 1947. Foreningens formål er å ivareta norske barne- og ungdomsbokforfatteres faglige og økonomiske interesser, samt å verne og fremme norsk barne- og ungdomslitteratur. Les mer
PERSONVERNERKLÆRING for Norske Barne- og ungdomsbokforfattere