vuorelaDen finske forfattaren Seita Vuorela er død, 44 år gammal. Vuorela var den første forfattaren som vann Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris. Ho vann prisen for romanen Karikko.

Seita Vuorela (tidligere Parkkola, f. 1971) budde i Helsingfors og arbeidde som forfattar og fotograf. Ho underviste også i kreativ skriving.

Ungdomsromane hennar er omsett til ei rekkje språk, bl.a. svensk, engelsk, fransk, italiensk og tysk.

Her er litt av presentasjonen av boka og forfattaren da ho fekk prisen i 2013:karikko

Barneromanen Karikko har eit landskap som består av ein forfallen campingplass og ein silo, og boka tar opp dei tragiske hendingane som har skjedd der. I sentrum for hendingane står ein familie, eit brødrepar, fjorten år gamle Mitja og den nokon år eldre Waldemar, blodsbanda deira, men samtidig også sorg, oppgittheit og skuld. Mitja blir kjent med nokon gutar som heng ved campingplassen. Dei er utstøytte menneske som på ein merkeleg måte ser ut til å vera fanga i garnet til Jenta, ho som bor på Hotell Horisont.

Les meir om boka her:

I 2014 deltok Seita Vuorela på Litteraturfestivalen på Lillehammer, mellom anna på eit arrangement i regi av NBU og Barnebokinstituttet. Der vart ho intervjua om boka og om fantasy-sjangeren.

Les meir om intervjuet her: