Når Det litterære rådet i NBU møtest for første gong etter årsmøtet, er det to nye representantar med, Laura Djupvik og Brynjulf Jung Tjønn. Dei erstattar Synne Sun Løes og Karin Kinge Lindboe, som ikkje tok attval. Også Tor Arve Røssland var på val, han vart attvalt for eit år.

Foto: Fredrik Arff/Cappelen Damm

Foto: Fredrik Arff/Cappelen Damm

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er fødd i Seoul i Sør-Korea og vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane. Han er utdanna journalist og bur i Oslo. Brynjulf Jung Tjønn debuterte i 2002 med romanen «Eg kom for å elske». Han har skrive seks bøker for store og små, og vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2013 for «Så vakker du er»

Laura Djupvik (f. 1970) er fødd på Gurskøy på Sunnmøre og bur nå i Lier. I 2004 debuterte ho med romanen «Båten er så liten», og til nå har ho skrive fem bøker. Barneboka «Hundre appelsinar og ein fiolin» vann Guro Sandsdalens litteraturpris i 2008. Laura Djupvik har bachelor i musikk, litteraturvitskap og historie frå Universitetet i Oslo. Ho har lang erfaring som journalist, man har også jobba i skolen, på bibliotek og nå i forlag. Ho skriv både for barn og vaksne, den siste boka hennar er «God dag, herr Jul» frå 2014.

Foto: Turid Kristensen Vevatne/Samlaget

Foto: Turid Kristensen Vevatne/Samlaget

Her svarar dei to på nokre spørsmål om rådsarbeid og andre ting:

– Kvifor sa du ja til å sitja i rådet?

Brynjulf:  Det litterære rådet forvaltar ein særs viktig jobb: Å kjenne godt til barne- og ungdomslitteraturen som blir gjeve ut i Norge, og på dette grunnlaget dele ut stipend, innstille nye medlem og dele ut prisar. Det er ei stor ære å få vere med på dette oppdraget. Eg skal gjere mitt beste for å bidra til at arbeidet til rådet blir gjort på best mogleg måte.

Laura: Det å skulle lese alt som blir gitt ut av medlemmene i NBU, høyrest ganske massivt ut! Men eg gler meg. Oppdraget er spanande, interessant og det gir ei særeigen innsikt i samtida. Eg les BU-bøker og vaksen-bøker om kvarandre, eg skriv begge deler sjølv. Og eg likar å samtale med andre som har lest det same. Men mange ser ikkje på BU-bøker som særleg interessante, det er synd og feil! BU-bøker spenner utruleg breitt, verda hadde vore tom og trist utan dei. Eg gler meg til å lese meir og til samtalane om dei også. Så eg er glad for å bli spurt og valgt! Dessutan passar dette no, tidsmessig, i forhold til mine eigne prosjekt og livet mitt, sånn generelt.

– Er det ei spesiell sak du er opptatt av når du går inn i rådet

Brynjulf:  Eg veit sjølv kor viktig det er å få tildelt stipend. Det gjev ein voldsom inspirasjon for vidare skriving, og for mange er det heilt naudsynt for å kunne få skrive. Når ein får stipend, så føler ein at ein er blitt sett. Å bli vurdert som god nok for stipend av eit råd av kolleger betyr mykje. Eg er oppteken av å forvalte stipendmidlane på ein best mogleg måte, slik at unge lesarar får gode bøker å lese.

Laura: Eg er opptatt av at det skal vere mangfald og kvalitet. Det treng ikkje å vere nokon motsetnad mellom lettlest og verkeleg bra! Og vi treng barnebøker med motstand, eksperimenterande og dristige! Eg er mot ei kvar form for einsretting. Eg blir kvalm av barnekultur som er laga ut i frå ein formel av kva fenomenet «barn» eller «ungdom» likar. Så mangfald, det er ei sak for meg.

– Kva ser du på som den største utfordringa?

jung-bokBrynjulf:  Eg trur nok fordelinga av stipend er den største utfordringa. Det er mange som fortener stipend. Men alle kan diverre ikkje få.

Laura: Eg trur at den største utfordringa dreier seg om å fordele stipend. Det er mange gode forfattarar i NBU som sjølvsagt treng stipend. Å velje og velje bort. Sånt gjer jo alltid vondt.

– Kva tenkjer du om litterær kvalitet?

Brynjulf: At den for det meste er subjektiv, samstundes som det alltid vil ligge noko i botn som alle vil sjå er kvalitet. Kva det er, veit eg ikkje. Det kan vere ulike ting. Streken i ein illustrasjon. Språket i ei historie. Viljen til å få fram noko vesentleg. Eit eller anna som skil seg ut og som dei fleste kan sjå.

Laura: Når ein snakkar om litterær kvalitet, nemner ein ofte godt språk, form, komposisjon, originalitet og kanskje aktualitet. Ei bok kan «ha alt», men likevel ikkje, ho manglar kanskje personlegdom! Ein håper på det plutseleg dristige, det uventa vakre eller skumle. Ofte er det så enkelt som at noko får ein til å sjå ting ein trudde ein hadde sett ferdig, på ein ny måte. Gode bøker er ofte gjennomarbeidde. Forfattaren er seg ofte medviten kvar ho har referansane frå, at ho skriv seg opp mot noko, til dømes. Eg meiner at ei bok langt på veg skal vurderast ut frå sine eigne ambisjonar, men om der ikkje er ambisjonar, så er jo det eit problem! Det eg meiner er verdifullt i Rådet, er nettopp at ein kjem i lag og samtalar, snakkar om, drøfter. Dette ser eg fram til. Håper eg ikkje blir skuffa!

– Kva for bok drøymer du sjølv om å skriva?

Brynjulf:  Eg drøymer om å skrive ei bok som eg sjølv ikkje kan fatte at eg har skrive. Eg har ikkje klart det enda. Og det kjem mest sannsynleg ikkje til å skje. Meir realistisk draum er å skrive bøker som verkeleg gjer inntrykk på dei som les, slik at boka blir spreidd vidare til nye lesarar.

Laura: Eg drøymer faktisk om å skrive den boka eg held på å skrive! (Så heldig ein er som forfattar, lagar sine eigne draumar.) I manus er der uløyste ting, eg måtte legge det til side, og no skriv eg på noko anna. For å skrive ferdig boka eg drøymer om å skrive, er det noko eg må løyse, eg har ikkje funne ut korleis. Det er litt frustrerande, men eg tar tida til hjelp og er sikker på at det vil løyse seg om eg berre ikkje gir opp. Boka er eit framhald av den siste barneboka mi og det er nytt for meg å skrive om same personane i fleire bøker. Og så drøymer eg sjølvsagt om at boka blir ein bestselgar!djupvikbok

– Kva for barne- eller ungdomsbok har gjort sterkast inntrykk på deg?

Brynjulf:  Vanskeleg å sei, for det er mange. Men dei siste åra er det «Verden har ingen hjørner» av Svein Nyhus – den er så utruleg sterk i kvalitet, gjennom heile boka. Både illustrasjoner og tekst. Stian Hole har levert fantastisk med «Garmann»-bøkene». Øyvind Torseters «Hullet» er eit anna døme. Elles har bøkene til Tor Fretheim opna opp noko i mi eiga skriving, ikkje minst «Ingen ild tenner stjernene».

Laura: Då eg var barn (og no også), lika eg godt bøker med humor. Å sitte åleine med ei bok og hyle av latter var ei slik sprø og rar glede. Eg las gjerne om igjen same boka, ei slik var til dømes «Hest for alle penga» av Kåre Holt. Men eg lika også triste bøker om sjuke barn som kanskje skulle døy, eg ville nok inn i dei store kjenslene. Og eg har alltid funne trøyst i bøker. At bøker kan trøyste, betyr ikkje at dei er snille, heller at dei er sanne. Dei treng heller ikkje ha noko svar. Bøker kan bryte ein ned, men på ein måte som gjer at du er like heil, ja heilare. Bøker kan faktisk gi innsikt. Dei er berre delvis verkelege, det likar eg så godt. Ei bok blir ikkje verkeleg før ein lar den bli det. Ein favoritt frå barndommen er «Den løyndsomfulle hagen». No i vaksen alder har eg blitt svært begeistra for «Boken om allting» (svensk omsetjing) av Guus Kuijer.

– Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

Brynjulf:  Då vil eg helst vere saman med familien min. Eg har tre små barn, så det er nok å gjere!

Laura: Når eg ikkje skriv, gjer eg alt det andre — heilt vanlege ting. Eg les, ser film, teiknar, surrar rundt i hagen, klappar katten, men aller mest er eg nok i lag med familien min. Og eg tar mykje tog!