Diktsamlinga Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha si eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund. Gjennom blikket til eit barn skildrar Hilde Myklebust undring, glede og einsemd gjennom skiftande årstider på landet.

Samlinga er vakkert illustrert av Tone Lileng.

Eg heng

etter ei hand

frå ei grein

Kjenner vinden

bølgje i trekrona

Eg er ein kongle

eller ein knopp

 

Mor ropar frå trappa:

No kjem du deg ned!

Men ho veit då vel

like godt som meg

at dette er ei hengebjørk