Eit stort fleirtal av NBU-forfattarane er godt tilfredse med det redaksjonelle arbeidet forlaget deira gjer. Men dei er lite tilfredse med marknadsføringa som blir gjort, og det drar den samla vurderinga av forlagsarbeidet ned.

Det viser ei undersøking som Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere har gjennomført blant medlemmene i vår.

34,8 % av dei som deltok, svarer at dei er svært tilfredse med kor bra forlaget arbeider med manus for boka blir gjeven ut, 40,6 % er tilfredse, 18,8 % nøytrale, 5,8 % er lite tilfredse. Ingen svarer er dei er svært lite tilfredse.

Lite tilfredse med marknadsføringa

Bildet er eit anna når det gjeld spørsmålet om kor bra dei synest forlaget arbeider med marknadsføringa av boka. 27,5 % svarer at det er svært lite tilfredse med arbeidet, 30,4 % er lite tilfredse, 29,0 % nøytrale. Berre 8,7 % er tilfredse, og 4,3 % svært tilfredse.

Det ser ut som om forlaga klarer å gjera royaltyavrekningane sine forståelege for forfattarane. På spørsmålet om kor tilfredse dei er med royaltyavrekningane frå forlaget og om dei forstår avrekningane, svarer 18,8 % av forfattarane at dei er svært tilfredse, 30,4 % er tilfredse, 36,2 % er nøytrale og 14,5 % er lite tilfredse.

Bra score på kontraktar

Det ser ut til at forlaga i hovudsak er flinke med kontraktar og utbetalingar.

På spørsmål om kor flinke forfattarane synest forlaget deira er til å gje kontraktar og utbetalingar i tide, svarer 27,5 % at dei er svært tilfredse, 36, % er tilfredse, 20,3 % er nøytrale. Berre 8,7 % er lite tilfredse og 7,2 % svært lite tilfredse.

Flest nøytrale

Truleg er det misnøyen med marknadsføringa av boka som gjer at den samla vurderinga av forlaget blir midt på treet. 42 % vel alternativet nøytral som svar på kor tilfredse dei er med forlaget samla sett (ev hovudforlaget). 27,5 % er tilfredse, 10,1 % er svært tilfredse. På den andre sida av skalaen er 13 % lite tilfredse og 7,2 % svært lite tilfredse.

Aktive forfattarar

To tredelar av NBU-forfattarane som har svart på undersøkinga, gjev ut bøker på eit av dei tre store forlaga, det gjeld 67,1 %. 22,9 prosent gjev ut på eit mellomstort forlag, 10,0 prosent på eit lite forlag.

Dei fleste er aktive forfattarar. 58 % oppgjev at dei gav ut siste barne- eller ungdomsboka i år eller i fjor, 26,1 % gav sist ut bok for 2-5 år sidan, 7,2 % 5-10 år sidan, og 8,7 % for meir enn 10 år sidan.

Undersøkinga inneheld også spørsmål om royalty, andre inntekter og oppdrag. Du kan lesa meir om dei andre resultata i seinare artiklar på NBU-sida.