Foto: Tove Breistein/Samlaget

Foto: Tove Breistein/Samlaget

– Som lita var bøkene veldig viktige for meg og dei største leseopplevingane hadde eg då. Eg trur det er derfor det alltid har vore naturleg for meg å skrive litt, men at eg skulle skrive bøker forstod eg ikkje før eg faktisk gjorde det.

Det seier Kari Smeland, som nyleg vart medlem i NBU. Ho har gjeve ut to romanar for barn, Familien Kråkestup og nyset i nabohuset og Sirkus Spetakkel.

– Kvifor ville du bli forfattar?

– Fordi eg har det så hysterisk morosamt den aller største delen av tida når eg skriv. Og fordi eg har det så mykje betre i dei periodane når eg får tid og til å skrive mykje enn når eg ikkje gjer det.

– Kvifor valde du skrive for barn/ungdom?smelandbok

– Det var ikkje slik at eg ein dag bestemte meg for at eg skulle skrive ei historie for barn. Eg hadde skrive og susla med forskjellige tekstar i nokre år, utan at eg hadde vore så opptatt av kva slags form eller mottakar desse historiene eventuelt skulle ha. Dei hadde jo heller ingen mottakar, for dei aller fleste smuldra opp på min eigen harddisk. Men ein dag dukka det opp ein unge som oppdaga eit merkeleg univers, det var også ein gamal bestefar med på det heile.

Eg hugsar ikkje historia heilt, for den blei aldri utgitt eller ferdig, men skrivinga flaut av garde så mykje lettare enn det hadde gjort før, og eg kosa meg så fælt når eg heldt på. Etter dette dukka det opp fleire fantasifulle historier der blikket heile tida låg hos ungane og etter kvart fann eg fram til den historia som blei debutboka mi.

– Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

– Mangfald i litteraturen er viktig. Det skal vere smalt og breitt, dystert og morosamt. Det skal finnast bøker for alle, også dei som trur dei ikkje vil ha bøker. Og dei forskjellige bøkene skal ut til folket. Dei skal visast fram i bokhandlarar, bibliotek og på skular i alle krokar av landet.

– Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

– Eg er veldig glad i å lesa, gå turar på ski om vinteren og til fots resten av året. Eg likar å skravle med kjærast og venner, sjå bra ting på tv og teater og reise til stadar eg ikkje oppheld meg i kvardagen.

– Kva forventningar har du til NBU?

– Eg håpar NBU vil hjelpe meg å halde meg betre orientert og oppdatert om kva som skjer med barne- og ungdomslitteraturen.