Nettsalet av bøker er aukande, 18 prosent av oss nordmenn kjøpte den siste boka på nett. Det viser den halvårlege undersøkinga til Bokhandlerforeningen. Heile 34 prosent seier dei vil handle bøker på nett i framtida.

Men framleis er det bokhandelen som står for den største omsetjinga. For det er ei butikk vi føretrekkjer å kjøpe bøkene. 60 prosent handla sist i ein fysisk bokhandel. Auken av nettsalet er på 10 prosent dei siste 10 åra. Taparen er bokklubbane, som har mista store marknadsdelar siste åra. 6 prosent opplyser at den siste boka dei kjøpte, var ei e-bok.

Trass sterk konkurranse frå nye medium, er vi altså framleis eit boklesande folk. Delen som oppgir at dei har kjøpt bøker det siste året har auka med 4 prosent frå i fjor. 71 prosent av oss kjøpte ei eller fleire bøker sist år.

Nokre av oss er skikkelege lesehestar. Så mange som 36 prosent av oss oppgir å ha  kjøpt 10 eller fleire bøker det siste året.