NBU-forfattarar er etterspurte i skolar, bibliotek og for andre oppdrag. Det viser undersøkinga NBU har gjennomført blant medlemmene sine. Om lag tre av fire av dei som deltok i undersøkinga, svarar at det er lett å få oppdrag (73,7 %). 26,3 % svarar at det ikkje er lett.

Dei fleste som blir spurte om å ta oppdrag i skole, bibliotek og liknande, takkar ja. Det gjeld 84,3 %. 15,7% tar ikkje på seg slike oppdrag.

Passe tilfredse

To av tre forfattarar er passe tilfredse med oppdragsmengda dei får tilbod om (66,1 %). 18,6 % synest dei får for få oppdrag, 15,3 % meiner dei får for mange tilbod.

Meir enn halvparten blir kontakta for oppdrag (51,7 %). Færre enn ein av ti tar sjølve kontakt eller søkjer for å få oppdrag (8,6 %), mens 39,7 % svarar at dei både blir kontakta og søkjer sjølve.

Viktig for økonomien

Inntektene frå oppdrag er viktig for økonomien til eit fleirtal av forfattarane. Færre enn to av ti svarar at det ikkje er så viktig (ca 19 %). Fleire enn halvparten (ca 58 %) svarar at den er viktig eller svært viktig.

Likevel bruker 42,4 % lita tid på turnear og andre oppdrag. Ca 40 % synest dei bruker passe mykje tid, mens 18,6 % svarar at dei bruker stor eller svært stor del av arbeidstida til slike oppdrag.

Meir om undersøkinga

To tredelar av NBU-forfattarane som har svart på undersøkinga, gjev ut bøker på eit av dei tre store forlaga, det gjeld 67,1 %. 22,9 prosent gjev ut på eit mellomstort forlag, 10,0 prosent på eit lite forlag. Dei fleste er aktive forfattarar. 58 % oppgjev at dei gav ut siste barne- eller ungdomsboka i år eller i fjor, 26,1 % gav sist ut bok for 2-5 år sidan, 7,2 % 5-10 år sidan, og 8,7 % for meir enn 10 år sidan.

Undersøkinga inneheld også spørsmål om royalty, forhold til forlag og andre ting. Du kan lesa meir om dei andre resultata i tidlegare og seinare artiklar på NBU-sida.

Les NBU-forfattarar er tilfredse med forlaga sine