Foto: Samlaget

Foto: Samlaget

Ingenting er så vanskelig som å skrive enkelt, sies det. I denne serien spør vi noen barne- og ungdomsbokforfattere hvordan de jobber når de skriver lettlestbøker, hvilke valg de tar og hva som er viktig for å nå frem til leserne sine. I dag: Atle Berge

Av Elen Betanzo 

Hvilke lettlestbøker skriver du, og for hvilket alderstrinn?

Eg har skrive fire fotballbøker om Barcelona-gjengen: Birk og Barcelona-gjengen, Alle mann i forsvar!, Keeperkongen, og Matias Maradona. Dei er vel i utgangspunktet for barn i alderen 8-12 år.

Hva er det vanskeligste med å skrive enkelt?

Då eg fekk «oppdraget» om å skrive ein fotballserie for Samlaget, snakka redaktøren og eg om at historiene i lettlesbøkene ofte vart for enkle. Den største utfordringa har derfor vore å fortelje ei fullverdig historie med begynnelse, midtdel og slutt – inkludert spenningstoppar – når ein berre får ca. 25 sider med ti korte setningar per side til rådighet.

Hva kjennetegner en enkel tekst?

Korte setningar. Få vanskelege ord. Ingen abstraksjonar. Før eg starta på Barcelona-prosjektet trudde eg at enkeltorda også måtte vere korte, men det stemmer ikkje nødvendigvis. Ei setning med berre korte ord er faktisk svært vanskeleg å lese!atlebok3

Hvordan jobber du når du skriver lettlestbøker?

I motsetning til når eg skriv for vaksne, har eg historia klart for meg når eg begynner å skrive. Etter det skriv eg historia ut før eg jobbar mykje med å luke ut alt som ikkje er nødvendig for å fortelje historia. Dette siste var spesielt vanskeleg for meg då eg skreiv den første boka, fordi alle desse «overflødige elementa» ofte er det eg sjølv elsker ved vaksenbøker, medan eg er mindre interessert i hovudhistoria.

Hvor mye tenker du på leseren når du skriver?

atlebok2Hovudmålet er at lesaren skal utvikle leseferdighetene sine, så det seier seg sjølv at eg tenker svært mykje på lesaren når eg skriv om Barcelona-gjengen.

Har du noen forfatterforbilder innenfor denne sjangeren?

Då vi prøvde å kome fram til korleis vi ville bøkene om Barca-gjengen skulle bli, gav redaktøren meg Ella-bøkene til Unni Lindell. Lindell er jo kjent for å vere ein god historieforteljar, og i desse bøkene som handlar om Ella som blir forelska igjen og igjen, viser ho at ho også kan skape driv i dette formatet.

Beste lettlestbok noensinne?

I utgangspunktet ser eg på lettlesbøkene som pur lesetrening. Eg er derfor ikkje så opptatt av om dei gir lesaren noko meir. Men då eg las Fjodor går bananas av Pål H. Christiansen forstod eg at det faktisk er mulig å kombinere lesetrening med ei kunstoppleving. Eit surrealistisk meisterverk!