falturiltu«Fart og sjølvtillit» er motto for den niande Falturiltufestivalen på Stord, 1. – 7. november. Sitatet er teke frå boka Tonje Glimmerdal av årets festivalforfattar Maria Parr, og vil gå som ein raud tråd gjennom festivalen.  

Parr sjølv møter me allereie på opningsdagen, saman med det fabelaktige, multikulturelle ensemblet Fargespill, og deira kritikarrosa publikumssuksess Fargefest. Det blir elles både utstillingar, seminar og HSH-musikal basert på Maria Parr sine bøker, og ein treff ho før Sigvart Dagsland sin konsert i Stord kyrkje. Odd Nordstoga kjem sikkert også til å spela ein eller fleire songar frå vaffelhjarteplata Bestevenn, når han fyller ARENA, fredag 6. november. Nordstoga møter me også som barnebokforfattar, då han tidlegare på dagen les, spelar og syng om Pontus og eg, på bokbåten Epos, som i år besøker Falturiltu for første gong.

Romandebutant Synnøve Macody Lund deler scene med ringreven Ragnar Hovland under Stord mållag sitt vaksenbokarrangement på Sunnhordland museum, torsdag 5. november.  Stord kulturskule har eigen konsert same kveld, og her blir forfattaren Hans Sande å høyra. Sande er også blant kunstnarane ein får treffa i ord- og bilde-verkstaden som vil gå føre seg i Galleri Giga heile festivalveka,  der også utstillinga hans Hjartet raknar, huset står, vil vera å sjå ut veke 46.  Ingunn Røyset og Trio Vest vil gjera heile sju førestillingar rundt om i Sunnhordland, med musikk frå 1940-talet og tekstar frå barnebøkene Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få.

Kapabel forlag presenterer debutant Anders Totland og Ingvild Sjo i arrangementet Vampyrar og varme bollar, passande nok i det nystarta bakeriet Peder Bakar på Leirvik.

Eit leseprosjekt i alle tredjeklassane på Stord, i regi av Stord folkebibliotek og Falturiltu, vert avslutta med bibliotekbesøk og møte med to av forfattarane i Samlaget sin Leselandserie, Anna R. Folkestad og Vegard Markhus, og elevar ved alle ungdomsskulane på øya står bak arrangementsrekka 3 forfattarar og 1 band, der ungdomsbøkene til Rune Belsvik, Bente Bratlund og Tor Arve Røssland vert sett under lupa.  Det blir i tillegg barnehage- og skulebesøk ved Berit Rødstøl, Maria Parr, Sissel Horndal, Atle Hansen og Martine Grande, og mykje meir!

Les meir om Falturiltu 2015 her:

Falturiltu