audhild2– Eg har alltid likt å skrive, så forfattardraumen har nok vore der i alle år. Eg har sirkla meg inn mot den i roleg tempo, tatt hovudfag i nordisk språk og litteratur og jobba i forlagsbransjen i femten år. Eg tar framleis forlagsoppdrag som frilansar. Men sjølv om eg liker å jobbe med andre sine bøker, er det ikkje til å komme frå: Å skrive dei sjølv er enda betre!

Det seier A. Audhild Solberg, ei av dei som vart NBU-medlem i oktober. Ho debuterte med «Kampen mot superbitchene», som vann ARKs barnebokpris i 2014. «Superbitchene driter seg ut» (2015) er den andre boka hennar.

– Eg har skrive to romanar eg sjølv ville ha likt å lese da eg var 10–12 år. Eg var og er veldig glad i bøkene til Roald Dahl og L.M. Montgomery, historier fulle av humor, undertekst og ironi, med ein humanistisk bodskap og moral i botn. Det er det eg har forsøkt å gjere i bøkene om Anne Bea, Nils og superbitchene også: å fortelle ei historie om mobbing og vennskap ved hjelp av humor og eit munnleg språk som treffer barn i dag.

– Kvifor valde du skrive for barn/ungdom?audhildbok1

Eg skreiv eigentleg på ein roman for vaksne, men fekk skrivesperre. Eg var for påverka av andre, eg klarte ikkje å finne mi eiga stemme som forfattar. I eit forsøk på å komme i gang med skrivinga igjen, fann eg fram eit barnebokmanus eg hadde begynt på ei helg nokre år tidlegare. Det var ikkje stort meir enn nokre lausrivne anekdotar lagt i munnen på ei småironisk jente på 12 år, men det var noko der, og eg merka ikkje minst at skrivegleda kom tilbake da eg sette meg ned og begynte å sette anekdotane saman til ei historie. Eg innsåg at det var meir naturleg for meg å bruke språket kreativt og skrive humoristisk for barn enn å forsøke å tekkast det litterære miljøet eg sjølv var ein del av som forlagstilsett. Det kan hende eg forsøker å skrive for vaksne igjen, men nå er eg veldig fornøgd med å ha skifta spor. Eg føler meg rett og slett meir fantasifull og fri når eg skriv for barn.

–  Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

– Å fortelle gode historier. Enkelt og greitt. Historier som barn og unge får lyst til å lese, som dei sovnar til og gler seg til å forsvinne inn i neste dag. Det er nok også ein grunn til at eg liker å skrive for yngre lesarar: I barnebokverda blir historier som vekker leseglede, sett på som noko positivt. Som profesjonell lesar av bøker for vaksne ergrar eg meg ofte over mangelen på historier der det faktisk skjer noko meir enn at hovudpersonen skriv på eit manus eller studerer sveitten på handbaken sin. Det er så mykje stilleståande sjølvfiksering der ute, og ikkje er den spesielt godt skildra heller. Kampsaka er m.a.o.: Ja til gode og godt fortalde historier!

audhildbok2– Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

– Eg kom nyleg over den gamle ”Mine venner”-boka mi frå da eg var ti år, ei slik bok der ein skal fylle ut ting som favorittmat, interesser, kva du vil bli når du blir stor, osv. Av ein eller annan grunn hadde eg fylt ut ei side sjølv også, og eg har tydelegvis ikkje forandra meg stort på 30 år. Eg er fortsatt svak for kylling, eg synest fortsatt det er dumt med krig og mobbing, og eg reknar fortsatt venner, lesing, film og skriving som interesser (kattar og teikning, derimot, er ute av lista). At eg ville bli komikar/klovn når eg blei stor, kom meir overraskande på, men eg liker jo å skrive humoristisk og fortelle artige barndomsanekdotar når eg er på skulebesøk, så slik sett var eg meir framsynt enn eg ville ha trudd.

 – Kva forventningar har du til NBU?

Det går hardnakka rykte om at NBU kan dette med fest, så eg ser mest av alt fram til å vere sosial med den gjengen eg nå kan kalle kollegaer. Tar eg utgangspunkt i dei medlemmene eg allereie kjenner, tyder alt på at eg går mange fine kveldar i møte.