Sissel Horndal har fått Blix-prisen 2015 for den barnelitterære forfattarskapen sin. Prisen vart delt ut på Lenvik bibliotek 12.11., under Arvid Hanssen-festivalen.

Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det om mogleg skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom. Prisen er på 15 000 kr.

Sissel Horndal (f. 1970) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og Nordland kunst- og filmskole. Arbeider som forfattar, illustratør og kunstnar. Horndal debuterte med Ei halspastillhistorie i 1998 som ho fekk nynorsk barnelitteraturpris for.

Frå juryen si grunngjeving:

Vinnaren av årets Blix-pris har gjennom ei årrekke, heilt sidan debuten i 1998, gleda og overraska barn og vaksne med bildebøkene sine. Med stilsikre illustrasjonar, originale forteljingar og stødig språk har ho utvida det rommet som heiter barnelitteratur. Titlar som ei halspastillhistorie, himmelspringaren viser det som er adelsmerket til Sissel Horndal, ei overraskande og uventa vinkling på ein tittel, ei historie. Ho er ikkje snau når ho tar for seg av historierikdomen som er rundt oss frå notid og fortid; her er havfrua, Gud, sirkus og den bortkomne sauen, huldra, hekser og anna merkelege folk. Horndal viser at det skal vere rom for alle, om ein er ein lilla sau eller ei lita jente med raudt hår. Horndal har eit eige skeivt blikk, både gjennom tekst og bilde, som får lesaren til å forstå kva det vil seie å vere romsleg, at det ikkje nødvendigvis finst berre ein måte å vere på eller gjere ting på. Alt dette gjer ho med eit bildespråk med sjølvtillit og ein skarp penn. Når ho i tillegg lar bøkene sine vere i kontakt med dei evige forteljingane, lagar ho ein høgare himmel over barneliva enn dei fleste. Det er vi som er lesarane, store og små, særs takksame for.

Juryen for Blix-prisen: Kine Hellebust, Ragnfrid Trohaug og Steinar Aas