Foto: Niklas Lello/Aschehoug

Foto: Niklas Lello/Aschehoug

ARKs barnebokpris 2015 er tildelt Bobbie Peers og boka «Luridiumstyven».

10 000 elevar har lese og stemt heile hausten, og nå har dei kåra Bobbie Peers barnebok om 12 år gamle William Wenton til årets beste bok.

Peers debuterte med barneboka i september, og allereie nå er den seld til 31 land.peersbok

Les meir om boka og intervju med Bobbie Peers på vg.no.

ARKs barnebokpris er på 25 000 kroner.

Dei andre nominerte til prisen, var:

• Heidi Linde, «Pym Pettersons mislykka skoleball»
• Tom Egeland, «Mumiens mysterium»
• Bjørn Sortland, «Kepler 62 – Nedtelling»
• Arne Svingen, «Med beina på nakken»