Roald Kaldestad og Roy Ole Førland fekk i 2015 støtte til produksjonen «To hundre og sekstini dagar». Ill.: Bjørn R. Lie

Roald Kaldestad og Roy Ole Førland fekk i 2015 støtte til produksjonen «To hundre og sekstini dagar». Ill.: Bjørn R. Lie

Norsk forfattersentrum lyser ut midlar til å utvikle nye produksjonar – alt du treng er ein god idé og ein plan.

Forfattersentrum skriv: Vi skal i 2016 fordele 760 000 kroner til utvikling av litterære produksjonar og strømidler. Midlane skal styrke litteraturen i Den kulturelle skulesekken generelt, og litterære produksjonar som formidlingsform spesielt.

Litteraturen kan, gjerne i samspel med andre kunstformer, skape stemningar og bilete hos lesar og tilhøyrar. Den litterære produksjonen skal ta vare på formidlinga av det skrivne ord, men det treng ikkje med naudsyn vere formidla av forfattaren sjølv.

Norsk Forfattersentrum lyser nå ut midlar til nye litterære produksjonar og strømidlar til produksjonar som berre treng ein finpuss. Eit fagutval vil i vurderinga av søknadane legge vekt på kvalitet og profesjonalitet.

Vi ønskjer særleg produksjonar med vekt på sakprosa, poesi, tverrkunstnarleg samarbeid, litteraturkritikk og dystopiar.

Alle søknadar blir handsama av eit fagutval og skal godkjennast av styret i Norsk Forfattersentrum.

Er du usikker på om, og hvordan, du kan søke, ring nestleder Sissel Kristensen i Norsk Forfattersentrum, 2109 5754, eller et av avdelingskontor, vi gleder oss til å hjelpe deg!