arons hevnSverre Knudsen legg ikkje skjul på kven som er skurkane i denne mursteinen om Aaron. Det er vel ikkje noko poeng i å skrive ein politisk thriller utan å ta side?

Eg kan like godt seie det først som sist: Du bør ha lese Aarons maskin (2011), før du gir deg i kast med Aarons hevn. Det er ein del omgrep, karakterar og hendingar som blir lettare å forhalde seg til då. Men dersom du vil leve farleg og hoppe rett på toaren, vil du likevel få ei både provoserande og spennande lesestund.

Aaron er spesielt god til å lese andre menneske sine kjensler, og blei derfor det naturlege valet til å styre Maskinen – ei innretning som skulle kunne endre folk sin personlegdom. Fjerne alt det vonde, for å lage gjennomført gode menneske. Men det overskytande vonde måtte og ha ein stad å bu, med andre ord vart det mogleg å lage ein heil hær av vondskapsfulle, samvitslause folk som skulle styrke myndighetene i dette undertrykkande framtidssamfunnet.

I tillegg hadde prosedyren ein del meir uønska biverknader. Nokre hamna i koma og andre blei rett og slett klona. Var det dette som var planen heile tida? Mora til Aaron er i byrjinga av denne oppfølgjarboka i koma, og Aaron er villig til å gjere nesten kva som helst for å få henne inn i maskinen igjen, og oppheve verknaden av prosedyren. Det blir etterkvart ein spennande kamp på liv og død.

Det ei episk forteljing Knudsen gir oss. Ofte blir historia fortalt frå andre synsvinklar enn Aaron sin, men heile tida er det skarpt og spennande. Forfattaren kritiserer openlyst kapitalisme og grådigheit, og ikkje minst notidas passive miljøpolitikk. Om du vil kan du kalle det ein kritikk av vår eiga regjering, men dette er absolutt ikkje overtydeleg. Her ligg det snarare ein herleg tidlaus systemkritikk i botnen av det heile. Den sparkar både bakover og framover i tid, og vil nok kunne skape heftige debattar både om filosofi og politikk. Og då har vel forfattaren nådd målet sitt?

TOR ARVE RØSSLAND

Les fleire NBU-tips her: