Stig Elvis Furset ved Buskerud fylkesbibliotek synes fetisjeringen av «kunstlitteratur» i dagens utdeling av Kulturdepartementets litteraturpriser er en skandale. På Facebook-sida til fylkesbiblioteket har han lagt ut ein videoa der han reagerer sterkt på årets nominasjonar til KUD-prisane. Han jublar ikkje over nominasjonane, seier han.

— År etter år er det same type litteratur som blir nominert, nemleg kunstlitteraturen, seier han.

Han reagerer særleg på kategorien Litteraturprisen, der to av dei nominerte er bildebøker, sjølv om bildebøker har eigen kategori, i tillegg er det eigen illustrasjonspris. Ingen av dei tre nominerte er etter hans meining blant dei beste bøkene i 2015.

— Korleis er det mogleg å oversjå serien Ravneringene av Siri Pettersen for tredje år på rad? Korleis er det mogleg å oversjå litteratur som er meir kompleks både når det gjeld univers, forteljing og karakterar enn det kunstlitteraturen skapte i 2015?

Han svarar sjølv:

— Jo, det er mogleg fordi det er sjangerlitteratur, ikkje kunstlitteratur. Sjangerlitteratur vinn ikkje kulturprisar, sjølv om den er stor kunst. Og det er ein skandale!

Tor Arve Røssland har delt lenka til videoen og skriv at «Stig Elvis set ord på ein frustrasjon som nok mange som driv med barne- og ungdomslitteratur føler på. Eg burde sikkert ikkje ta stilling til dette, grunna mitt verv i Norske barne- og ungdomsbokforfattarar, men eg ynskjer diskusjonen hjarteleg velkomen!»

Mange har kommentert:

Vera Michalsen: Problemet er at veldig mange av oss som burde diskutere dette, både sivilisert og så fillene fyker, har verv i et eller annet som gjør diskusjonen nesten umulig å ta. Det må finnes en måte å gjøre det på. Det er jo bare vi som er interessert i dette, og hvis ikke vi kan diskutere det, hvem skal gjøre det da? Nå skal jeg være crazy og si at jeg er HELT ENIG med Stig Elvis Furset! Jeg er så enig at jeg sprekker. For ikke et vondt ord om bøkene som har vunnet priser i dag, men hva i alle dager er det som skjer når Ravneringene oversees på den måten år etter år? Jeg forstår det ikke. Og når katten er ute av sekken, så kan jeg også si at jeg skulle ønske vi kunne hatt en kvalitetsdiskusjon om fjorårets nominasjoner til Nordisk råds litteraturpris for barne og ungdomsbøker. For der mener jeg også ett og annet.

Ragnhild Malfang: Yay Vera! Prøver å organisere en eller flere ekte debatter med ekte uenighet i september under Barnebokfestivalen. Vil gjerne ha innspill til temaer eller folk!

Stig Elvis lurer på kven som skal kunne meine noko:

Tor Arve Røssland: Sjølvsagt kan vi meine noko, men vi er for snille, vi vil ikkje såre våre kollegaer. Eg bør ikkje meine for mykje offentleg, sidan eg sit som leiar av eit råd som forvaltar ein offentleg og stor pengesekk.  (…)
Men det er vel ikkje nokon hemmelighet at eg også synest at sjangerlitteraturen blir bortgøymt og nedvurdert av «vaksne» forståsegpåarar. Eg har aldri likt artsy-fartsy ting, verken i litteraturen, filmen eller biletkunsten. (…)

Nokre av dagens biletbøker for barn synest eg blir nettopp for sære. Dei er ikkje skrivne for barn i det heile tatt, men for vaksne. Og det er ikkje noko gale i det. Vaksne kan fint lese biletbøker. Men eg får ofte inntrykk av at dei er skrivne utan barn i tankane i det heile tatt, og då sklir det over i det eg kallar artsy-fartsy – sært berre for å vere sært. Eller det som du Stig Elvis kallar kunstlittertatur. Karakterar og plot er ikkje viktig i slike bøker, dei er ofte fråverande, men etter mitt syn er det nettopp drivande karakterar og handling som gir gode historier. Kanskje ei gamaldags oppfatning?

Bjørn Sortland: Eg har slutta å senda inn mine såkalte sjangerbøker til denne prisen. Det er ikkje verdt portoen. Og eg har vunne litteraturprisen ein gong, så eg kan vel ikkje vera så bitter. Men likevel, sjanger er jo ikkje så tydeleg sjanger lenger, ting er mykje mindre eintydig no, men det vektlegg ikkje denne juryen i særleg grad. Og rett skal vera rett, Trond Bredesen fekk pris for illustrasjoner til Kunstdetektivene, om eg ikkje hugsar feil. Men det trengst ein reell diskusjon rundt dette, tida er mildt sagt overmoden, sjølv om eg også heier inderleg på feks Øyvind Torseter og dei andre. Det er lite heldig å skilja sterkt mellom sjangrar no, Ravneringene er eit godt eksempel. Eg synes heller ikkje «kunstlitteratur» er eit godt begrep. Det er sterk og god litteratur som skal premierast, uansett kva merkelapp folk set på det.

Guri Fjeldberg: Det fins heldigvis en og annen kritiker som IKKE sitter i noen av årets juryer. Vi burde kunne mene fritt her. Juryarbeid er maktutøvelse, og all maktutøvelse plikter vi etter min oppfatning å forholde oss kritiske til.

Grunnlag for ein debatt? Det ser slik ut.