Årsmøtet i Den norske Forfatterforening i helga vart gjennomført utan store diskusjonar og stridstema. Berre to saker vart reelt stemt over, det gjaldt sal av Hemstugu og eit forslag om grunnstipendordninga.

Styret hadde lagt fram forslag om å selja Hemstugu, som etter deira meining har for store kostnader i høve til bruken. Mange medlemmer tok til orde for å halde på hytta, men det vart fleirtal for sal. Men det inneber nødvendigvis ikkje at hytta blir selt. Det trengst vedtak frå eit årsmøte til, og til neste år må styret leggje fram opplysningar omkring hytta og prisar og forslag til kva ein eventuell salssum skal brukast til.

Det andre forslaget som hadde fleirtal og mindretal, gjaldt altså grunnstipendet, der det vart gjort vedtak om endringar i ordninga i fjor, nemleg at den nedre grense på bokutgjevingar blir fem bøker. Årets forslag gjekk ut på å opne for at dette kan vera bøker innafor ulike skjønnlitterære sjangrar, for å koma i møte forfattarar som skriv t.d. både barnebøker, dramatikk og vaksenbøker. Forslaget fall.

Bokavtalen

Den gjeldande bokavtalen mellom bokhandlarar og forleggjarar varer berre til årskiftet. Det er derfor viktig å sikre ein ny avtale. Forfattarforeiningane er ikkje avtalepartar, men årsmøtet til DnF vedtok blant anna følgjande:

«Årsmøtet i DnF ber regjeringen sørge for at bokavtalen videreføres. Forfatterne er ikke formell part i avtalen, men den har avgjørende betydning for vår økonomi og for litteraturens mulighet til å nå ut til leserne.

Gjeldende bokavtale er en minimumsavtale. En svekkelse av dagens avtale vil gjøre forfatternes kår dårligere og lesernes tilbud smalere. DnF ber derfor regjeringen beholde unntaket fra konkurranseloven og stille krav til bokhandlere og forleggere om å synliggjøre og formidle hele den litterære bredden.»

Ny åndsverklov

Styresmaktene skal vedta ny åndsverklov, og den er nå sendt ut på høyring. Generalsekretær Mette Møller hadde rokke å sjå gjennom og la fram nokre av dei punkta som blir viktige.

Eit forslag som var sendt ut på førehand, gjaldt ankeløysa, som det vart kalla. I samband med omlegginga av innkjøpsordninga, vart ankenemndene fjerna. Årsmøtet slutta seg til forslaget:

«I forbindelse med omleggingen av innkjøpsordningene, henstiller årsmøtet i DnF Styret til å ta opp den nye praksisen uten ankenemnd, med sikte på å få tilbake ankenemndene eller annen ordning som i samme grad kvalitetsikrer avgjørelsene.»

Mange nye medlemmer

Ifølgje årsmeldinga er 26 nye medlemmer votert inn i DnF det siste året, det skal visste vera enda fleire etter siste rådsmøtet, som ikkje vart med på lista. Svært mange nye var på årsmøtet.

Det var ein av grunnane til at fleire tok til orde for at årsmøtet hadde gått litt for fort for seg, med snau tid til drøftingar og for få som var på talestolen. Styret vart sterkt oppfordra til å leggje inn seminar eller liknande som sikrar at fleire får drøfta gjennom handlingsprogram og andre viktige saker. Gjerne tid til møte i forfattarklubbane, det var det heller ikkje i år. Fredeleg kan lett bli kjedeleg.

Sigmund Løvåsen held fram som leiar, han var heller ikkje på val. Det var nestleiar Helene Uri, ho vart attvald.