Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt saman med andre? Leveld Kunstnartun i Ål i Hallingdal lyser ut gratis arbeidsopphald frå 1. januar til 31. juli 2017. Opphald er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mm. Det er eit vilkår at ein har medlemskap i ein fagorganisasjon, eller at ein kan leggje fram tilsvarande fagleg dokumentasjon. Det er gratis bruk av verkstad og internett. Kunstnarane må sjølv ta med materiale, reiskap, instrument og laptop til eige bruk. Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast. Det er eit vilkår at kunstnarane under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale. Det er mogelegheit for yngre, nyutdanna kunstnarar å søkje om økonomisk stipend, E-CO- stipendet.

Søknadsfrist til opphald på Leveld: 15. juni.

Sjå full utlysning på www.kunstnartun.no

Send søknaden til leveld.kunstnartun@gmail.com innan 15. juni 2016. Søknaden må innehalde: Personlege data: Namn, adresse, mobilnummer, epost-adresse, fødselsår, ev. webside, facebookside, fagleg medlemskap. Informasjon om deg sjølv som kunstnar, forfattar mv. og kunstnarisk produksjon, CV. Vis gjerne til foto, video, lydfiler, ref. til publikasjonar, verk. Prosjektbeskrivelsen for arbeidet under opphaldet blir vektlagt ved utveljinga. Grunngje ønsket om stipendopphald i Leveld Kunstnartun. Oppgje ønske om tidspunkt og lengde for opphald. Ver snill å skriv om du er innstilt på å bu saman med andre kunstnarar i Lærarbustaden. Av omsyn til fleirbruk kan brukarar av tunet ikkje ha med kjæledyr.