Kvifor kjøper ingen ungdomsbøker, medan det er fleire månadars venteliste på biblioteka? Forfattar Sigbjørn Mostue meiner bokhandlane ikkje er flinke til å prioritere norske ungdomsbøker.

I fjor fekk Mostue Uprisen for zombie-apokalypsen «I morgen er alt mørkt».  I år var han tilbake på Norsk litteraturfestival på Lillehammer for å halde foredraget «Ungdomsboka – ein sjanger i krise?».

– Skal forfattaren tene pengar til livets opphald, må bøkene bli selt. Kor mange gongar svevar ikkje forfattarar på skyar av jubel etter eit skulebesøk, for så å snike seg inn i bokhandelen på staden, forsøke å finne den bortgøymde hylla med ungdomsbøker, for berre å oppdage at bøkene hans eller hennar ikkje ein gong står i hylla, sa Mostue på foredraget.

Les meir om foredraget og svar frå innkjøpsdirektør i Ark på nrk.no: