Lom folkebibliotek vart kåra til Årets Bibliotek i 2012, nettopp fordi dei var dyktige til å formidle gode bøker til lesarane og drive utoverretta verksemd. No lyser dei ut ei ny, fast stilling som litteraturformidlar på det vesle folkebiblioteket sitt i Lom. Det skriv nrk.no.

Litteraturformidlaren skal hjelpe folk å finne fram til andre bøker enn bestseljarane.

Nasjonalbiblioteket har ikkje tal på kor mange som jobbar med litteraturformidling i norske bibliotek, men seier at det er stadig fleire som tilset folk som har som hovudoppgåve å drive formidling.

Og det er ingen tvil om at det er bruk for litteraturformidlarar. Talet på profesjonelle litteraturformidlarar har auka kraftig dei siste åra, fortel Ingvild Christine Herzog, leiar i Norsk Forfattersentrum. Dei formidlar forfattarar og forteljarar rundt om i heile landet, og ser ei kraftig auke i etterspørselen.

Les heile saka på nrk.no