Nettstudiet i samtidslitteratur for barn og unge startar opp med nytt kull i januar. Neste søknadsfrist for studiet er 4. oktober 2016. Studiet varer 1 år.

–Gjennom dei siste par åra har vi lukkast med å etablere studiet som eit relevant vidareutdanningstilbod som gir 30 studiepoeng, seier prosjektleiar Øystein Espe Bae ved Barnebokinstituttet.

Første kull vart uteksaminert i desember 2015, og andre kull starta opp i januar 2016 med 30 nye studentar.

Studiet er ei nettbasert vidareutdanning på deltid som er meint for formidlarar som arbeider med barne- og ungdomslitteratur, til dømes i bibliotek, skule eller andre stader.

– Barne- og ungdomslitteraturen endrar seg fort, det samme gjer formidlarrolla, og den store interessen for utdanninga viser at formidlarar ser det som viktig å kople seg på tendensar i samtida. Vidareutdanning av formidlarar er viktig i eit tid der funksjonen og rolla til både biblioteka og skulen er i endring, seier Espe Bae.

Les meir om studiet og intervju med ein av studentane på Barnebokinstituttet.no