bentebForfattarane har dei siste åra fått ei utvida rolle, dei fleste tar meir aktivt del i marknadsføringa og reklamerer så godt dei kan for eigne bøker. Kampen for å bli synleg er hardare, både forlag og forfattarar erfarer at terskelen både til medieomtaler og bokhandlar er høgare. Men kor mykje blir det forventa av oss? Kva gjer forlaga? Korleis trivst vi som eigne marknadsførarar? Og kan vi hente gode tips hos andre? NBU (aksjonsgruppa) arrangerer 5. september Bli synleg-kurs, og kanskje treng vi meir opplæring?

NBU-sida har spurt barne- og ungdomsbokforfattarar med mange bøker bak seg om erfaringar frå marknadsføringa. Først ute: Bente Bratlund. Bente Bratlund frå Os i Hordaland debuterte i 1977 med ei diktsamling. I 1982 kom ungdomsboka «Kvifor, Pål?». Ho har etter den tid gjeve ut fleire tiltals bøker for barn, ungdom og vaksne, og ho har gjeve ut på fleire forlag.

— Kva gjer du av eigen marknadsføring, på sosiale medium eller andre måtar? 

— Eg gjer adskillig mykje meir no enn tidlegare, tidlegare skreiv eg boka, fekk kontrakt, så bok i handa og resten var opp til forlaget. I dag brukar eg facebook aktivt, eg reiser mykje på turnear og brukar det til å markedsføra bøker, eg prøver bruka kontaktar i media, og også bokhandlarar, men det er begrensa kva eg har mulighet til. bratlundbok2

— Kva forventar forlaget at du sjølv skal gjera når du gir ut ei bok?  

— Forlaget forventar vel at eg brukar dei mulighetar eg har. 

— Kva gjer forlaget?

— Det er vanskeleg å vita kva forlaget gjer, men lite viser. Eg melder alltid frå kor eg skal på turne eller ha opplesingar og håper forlaget brukar dei mulighetane, men eg ser lite frå forlaget, ikkje annonsar, ikkje omtale på sida deira heller, anna enn at boka står saman med alle dei andre og blir borte. Føler vel eg er ein gammal travar og bøkene mine må greia få seg ut sjøl, men veit jo ikkje kva forlaget strevar med i å nå gjennom. Så eg hadde vel håpt på å sjå litt meir resultat av forlaget sitt eventuell arbeid. 

 — Korleis trivst du med å reklamere for eigne bøker?

 — Eg hadde vel håpt på meir drahjelp frå forlaget, av og til blir eg veldig lei av å tenkja markedsføring, eg vil skriva.  

— Har du nokon tips til kollegaer om kva dei kan gjera?

— Bita motstand i seg og stå på, for ingen ting (eller lite) går av seg sjølv. 

— Kor viktig vurderer du at marknadsføring på sosiale medium er?

bratlunbok1— Eg trur den er ein av dei viktigaste kanalane for å nå folk no.

— Kva tenkjer du er det viktigaste som skal til for at ei bok skal bli kjent, ev selja?

— Trur «snakkis» er viktig, at boka blir trekt fram og snakka om, kanskje særleg på sosiale medier. Kanskje vi forfattarar kunne hjelpt kvarandre der, lettare å framsnakka andre sine bøker enn eigne.

— Korleis var marknadsføringa på di siste utgjeving (som døme)?

— Så langt eg veit, er ingen ting gjort frå forlaget. Ei bok eg var veldig glad i og stolt av er heilt heilt usynleg. Forsvunne midt i ein bunke. Eg hadde sjølv boklansering, på eige initiativ og med eigne midlar, det er det einaste eg veit om. Og no skal eg ha henne med på turne og håper ho blir meir synleg ut frå det.prompebroren