Lilly er mirakeljenta. Ei av tusen. Ho som kom når alt håp var ute. Etter at foreldra hadde streva i årevis for å få eit barn og nesten gitt opp, lukkast dei endeleg! Lilly blei fødd, som det einaste, høgt elska barnet. Eit mirakel.

Men Lilly føler seg ikkje som noka mirakeljente. Ho har skeiv, flat nase, underbitt og eit arr i leppa. Ho er fødd med leppe- og ganespalte, «hareskår», og har måtta operere andletet mange, smertefulle gonger.

Ikkje nok med det, no har ho byrja få puppar, òg. Ekle, vonde puppar, som er i vegen når ho skal springe og som ho ikkje vil ha! Ho hatar den nye kroppen sin.

Så skjer det verst tenkelege. Lilly blir forelska. Og ikkje i kven som helst, men i bestekompisen sin, Are. Han ho har tatt følgje med til skulen kvar einaste dag sidan dei var små, han ho har sprunge saman med, leikt med, tulla med. Plutseleg ser ho på han og det kriblar i henne på ein heilt ny måte. Plutseleg er alt forandra.

Stygge Lilly, liksom! Som om ho har lov til å ha slike kjensler for nokon? Som om nokon nokon gong vil ha henne! Og så Are, då. Av alle!

Det blir ikkje betre av at Ismael, ein av gutane i klassa, fortel at mange av dei andre jentene er forelska i Are, òg. Dei fine jentene med dei perfekte andleta.

Og kva med Are? Kven er han forelska i?

På toppen av det heile er mor til Lilly ein blendande vakker skodespelar, som skal spele i Inger i Markens grøde av Hamsun. Og Inger har hareskår, slik som Lilly. Så mora tenker at Lilly kan lære henne korleis det er å vere sånn. Annleis. At det er eit prosjekt mor og dotter kan ha saman.

Så kjem det fatale heime-hos-intervjuet i eit av vekeblada, med nye flotte bilete av mora og eit gammalt, stygt av Lilly. Men det verste er ikkje biletet. Det verste er kva mora seier om Lilly i intervjuet: At ho har lært å tenke annleis om venleik og det perfekte etter at ho har fått ei dotter med leppe- og ganespalte.

Då svartnar det for mirakeljenta.

Det hjelper ikke å blunke er ein roman om å gå frå barn til ungdom, om å oppleve at alt forandrar seg og kjenne sterkt på at ein ikkje passar inn, ein tematikk mange unge lesarar kan kjenne seg igjen i.

Dette er den første ungdomsromanen til Lene Ask, som tidlegare har gitt ut både biletbøker, teikneseriar og grafiske romanar for barn, ungdom og vaksne, i tillegg til å illustrere andre sine tekstar.

Aina Basso

 

Det hjelper ikke å blunke

Gyldendal 2016

Ungdomsroman

182 sider