Foto: Cappelen Damm

Foto: Cappelen Damm

— Eg har freista å skriva kvardagsbøker med lett gjenkjennelege situasjonar som speglar den norske røyndomen på ein litt fantasifull måte. Trur eg.

Det seier Selma Lønning Aarø, som nyleg vart medlem i NBU. Ho har skrive fleire bøker for vaksne, i tillegg til tre barnebøker. Den nyaste av dei er «Milla bestemmer», som kom i 2016.

— Kvifor valde du skrive for barn/ungdom?

— Eg har eit ganske langt forfattarskap for vaksne bak meg. Eg ser eigentleg ikkje på det som noko anna å skriva for born. Eg skriv det eg kjenner for. Etter å ha laga tre barnebøker, har eg oppdaga at mottakarane er langt meir umiddelbare og nådelause enn vaksne leserar. Det skremmer meg litt, men pirrar meg òg.milla

— Kvifor ville du bli forfattar?

— Eg er ikkje sikker på om eg ville bli det, men det blei no slik. Det er eg stort sett glad for. Eg har hatt ei slags stemme inne i hovudet heilt frå eg var lita. Stemma dramatiserte alt som gjekk føre seg rundt meg, utan at eg trur det er ein diagnose – eller kanskje det er forfattar som er diagnosen?

— Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

— Eg ynskjer at borna mine skal finna seg til rette i litteraturen, at dei skal kjenna seg heime der og oppsøka dette rommet heilt frivillig. Dersom eg som barnebokforfattar klarer å få born til å legga frå seg Netflix  utan tvang er det ein siger. Eg er oppteken av å få det til.

selmabok2— Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

— Eg likar å eta og å gå. Og så likar eg å sjå på film – og på folk.

— Kva forventningar har du til NBU?

— Dei er sjølvsagt skyhøge. Eg forventar meg gode møter og festar. Tonnevis med kollegialt fellesskap og juridisk tyngde.