I 2008 tok eg offentleg ut skilsmisse frå nynorsken. Fem år seinare var eg gift med henne igjen.

Det skriv Brynjulf Jung Tjønn i ein artikkel på nettsida til Nynorsksenteret. Her forklarer han båe kvifor han på eit tidspunkt valde å bli bokmålsforfattar og kvifor han fann tilbake til nynorsk.

«Med kronikken «Farvel til nynorsken» i Aftenposten gjekk eg høgt ut og sa at eg aldri skulle skrive bøker på nynorsk igjen. Nei, heretter var eg bokmålsforfattar. Kvifor? Jo, den urbaniserte odelsguten (altså meg) hadde funne ut at det var så forferdeleg vanskeleg å skrive korrekt nynorsk etter seks år i hovudstaden. Ikkje snakka eg dialekt lenger, fordi eg måtte jo prate slik at oslofolk skjønte kva eg sa. Og når eg i tillegg jobba i VG og andre medium, kor det berre vart nytta bokmål, var det kanskje ikkje så rart at eg heile tida var forvirra når eg skulle skrive bøker på nynorsk.

(…)

Då forlaget mitt, Cappelen Damm, lurte på om eg kunne bidra med ei novelle til ein antologi for ungdom, der temaet var «Tapt og funnet», sette eg meg ned for å skrive. Men same kva eg forsøkte, så gjekk det ikkje. Bokmålsspråket ville seg ikkje. Det hjelpte meg ikkje. Det eg skreiv, var utan kjensler, utan sjel, utan særpreg. Så ein kveld tenkte eg: Kva om eg prøver på nynorsk?»

Les heile artikkelen på iver.nynorsksenteret.no