erna-oForfattarane har dei siste åra fått ei utvida rolle, dei fleste tar meir aktivt del i marknadsføringa og reklamerer så godt dei kan for eigne bøker. Kampen for å bli synleg er hardare, både forlag og forfattarar erfarer at terskelen både til medieomtaler og bokhandlar er høgare. Men kor mykje blir det forventa av oss? Kva gjer forlaga? Korleis trivst vi som eigne marknadsførarar? Og kan vi hente gode tips hos andre? NBU (aksjonsgruppa) har nettopp arrangert Bli synleg-kurs, og kanskje treng vi meir opplæring? Den nye forfattarrolla er også tema på NBU-medlemsmøtet i haust.

NBU-sida har spurt barne- og ungdomsbokforfattarar med fleire bøker bak seg om erfaringar frå marknadsføringa. I dag: Erna Osland. Erna Osland er frå Høyanger og er busett på Byrknes i Gulen. Ho debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive fleire titals barne- og ungdomsbøker etter det, fleire av dei er fakta/sakprosabøker. ernabok2

— Kva gjer du av eigen marknadsføring, på sosiale medium eller andre måtar?

— Eg gjer slik forlaget vil før boka kjem ut, det vil seia å svara på dei same spørsmåla alle Samlagsforfattarar får om marknadføring, mellom anna gje opp namn på kontaktar som kan gjera noko for boka. Dei personane eg gir opp, gjer som regel ikkje noko med boka dei får, dei melder henne ikkje.  Og dei fleste har vel ikkje lese henne. Eg får få meldingar. Dei eg får, kan vere merkelege, det gjeld oftast fagbøkene, dei som skriv, har ikkje peiling på fagområdet.

— Når det gjeld marknadsføring på sosiale medium, så er eg ikkje på dei plattformene, og eg har ei heimeside som er utdatert.

— Kva gjer forlaget?

— Forlaget mitt gjer meir enn før for å gjere folk/pressa merksam på boka, men eg trur dei vel seg ut nokon som dei jobbar meir iherdig med, og at dette med latterboka som kom ut i vår og fekk uventa merksemd, var rein flaks. Likevel, da interessa var der, stod forlaget klare til å hjelpe, sølv om oppslaga ikkje blei til så stor nytte for salet, for boka var vanskeleg å få tak i

ernabok3— Kva tenkjer du er det viktigaste som skal til for at ei bok skal bli kjent, ev selja?

— Sal er for meg ei gåte. Men eg trur at dei som driv med sal, marknadsføringsfolk, altså, har peiling. Det rare er at dei som sel bøker i forlaget mitt, trur eg, er utdanna innan litteratur og ikkje marknadsføring, det forstår eg ikkje heilt.

— Elles er eg for min del mest oppteken av å få boka i bruk, gjennom skule og bibliotek, og greier eg det, får eg vel selt ein del bøker også, tenkjer eg. Men store opplag og mange bøker i sal er det aldri snakk om hos meg.

— Korleis var marknadsføringa på di siste utgjeving?

— I vår opplevde eg noko eg aldri har opplevd før, fagboka om latter kom som eit av hovudoppslaga på Dagsrevyen og fekk to heile sider av Aftenposten, i to omgangar, også Morgenbladet skreiv ein liten snutt. Men boka som er retta mot barn, vekte interesse hos enkelte journalistar på grunn av dei vaksne sin latter, og da eg ville tematisere fagboka for barn, takka dei nei til intervju. At pressa overser det barnlege, var heilt tydeleg. Nynorsk pressekontor var likevel eit herleg unntak. ernabok4

Les også:

Å reklamere for eigne bøker: Kristian Kapelrud

Å reklamere for eigne bøker: Marit Kaldhol:

Å reklamere for eigne bøker: Bente Bratlund

Å reklamere for eigne bøker: Mari Kjetun